Heim Nyhende – Viktig å skilje seg ut

– Viktig å skilje seg ut

For Trude Lundevall er det heilt naturleg å marknadsføre frisørsalongen BalanZera på nynorsk. Trass i at den ligg midt i Oslo.

– Det er litt morosamt og ikkje minst viktig å bruke språket for å skilje seg litt ut, fortel frisøren, som opphavleg kjem frå Vest-Telemark. På klingande telemarksdialekt fortel Trude Lundevall om korleis det er å drive ein frisørsalong midt i Oslo – som vert marknadsført på nynorsk.

Eg har berre fått positive reaksjonar, og for meg var det heilt naturleg å bruke nynorsk. Det handlar om å vere seg sjølv; ein må ikkje vere akkurat som alle andre, meiner ho.

Balanzera skil seg ut på fleire måtar. I tillegg til språket profilerer også frisørsalongen seg som økologisk og basert på reine og naturlege produkt. I dag er det tre tilsette i bedrifta, som er i vekst.

Eksotisk

Trude Lundevall starta karrieren sin som frisør alt som 16-åring, men etter nokre år utvikla ho allergi av produkta ho jobba med. Redninga vart å byrje i ein økologisk frisørsalong i Danmark, og i 2008 flytte ho attende til Noreg og Oslo for å starte opp sin eigen frisørsalong, også denne tufta på økologiske og naturlege produkt.

– Eg utvikla sjølv allergi av alle produkta me brukte, og måtte slutte å jobbe hjå vanlege frisørar. Då kom ideen om å starte opp ein økologisk frisørsalong, fortel ho.

Det var starten på Balanzera.

– Nynorsk og økologisk. Trur du det kan framstå som litt eksotisk?

– Ja, det kan det nok. Når eg var i Danmark, var det eksotisk å vere norsk, og her i Oslo er det litt eksotisk å kome frå Utkant-Noreg. Men eg føler ikkje at eg må leggje om dialekten min eller byrje å skrive bokmål. Det blir feil, og kundane våre forstår meg jo, slår ho fast.

Stolt

Trude Lundevall er bevisst på å bruke nynorsk, både på nettsidene til bedrifta og i marknadsføringa elles. Ho er rett og slett stolt over språket.

– Kva råd har du til dei bedriftene som kvir seg for å bruke nynorsk?

– Bruk det for å skilje deg ut. Eg kan ikkje sjå at det er noko negativt i det heile tatt. Men det er klart det blir meir og meir vanleg med bokmål, så eg forstår at mange til dømes irriterer seg over kravet om nynorskprosenten på tv, slår ho fast.

Førre artikkel– Dårlege råd
Neste artikkel– Heilt naturleg

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...