Heim Nyhende Nilssen går av som akademileiar

Nilssen går av som akademileiar

Olaug Nilssen gir seg no som leiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Det vert no søkt etter ny leiar til Skrivekunstakademiet i Hordaland som vart stifta i 1985 og driv undervisning i skapande skriving.

Vi søkjer ein engasjert og initiativrik person med fagkompetanse frå litteraturfeltet og med evner til strategisk og administrativt arbeid, som ynskjer vere med og utvikle Skrivekunstakademiet framover, heiter det i utlysinga.
Søknadsfristen er sett til 15. april.

Olaug Nilssen er sjølv utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og UiB. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr. Andre utgjevingar: Vi har så korte armar, roman (2002), Hybrideleg sjølvgransking, essays (2005), Få meg på for faen, roman (2005). Få meg på for faen er også dramatisert ved Det Norske Teatret. Nilssen har vore aktiv som skribent og bokmeldar for fleire aviser og tidsskrift, ho er også medredaktør for litteraturtidsskriftet Kraftsentrum.

 

Førre artikkelUngt engasjement
Neste artikkelEit enklare språk

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...