Heim Nyhende Eit enklare språk

Eit enklare språk

– Vår oppgåve er å lage ei enklare og strammare norm for nynorsk, seier leiar i rettskrivingsnemnda Grete Riise.

I September 2009 bad Kulturdepartementet Språkrådet om å setje i gang ein gjennomgang av nynorskrettskrivinga. Dette arbeidet skal vere tufta på utgreiinga om nynorsknormen som kom i 2002, språkmeldinga frå 2008 og drøftinga av den i Stortinget våren 2009.

– Det skal bli lettare å vere nynorskbrukar,  samstundes som det skal bli eit tydelegare språk for dei som bruker nynorsk som sidemål, seier Riise og viser til at ein i motsetnad til forslaget frå 2002 no har eit mål om å lage ein norm utan sideformer.

– Me skal både oppheve skiljet mellom hovud- og sideform og avgrense valfridomen. Dei valfrie formene som blir ståande att, blir jamstelte.  Men me kan ikkje ta bort alt, ein  må framleis kunne velje mellom a – infinitiv og e– infinitiv, eller til dømes mellom vi og me. Å finne ut kva vi skal ta ut og kva som må vere med vidare, blir vanskeleg. Men folk skal ikkje måtte lære å skrive på nytt, det er ikkje det som er målet.

Vil ha innspel
Den nye nynorsknorma skal byggje på eigen grunn. Målet er verken å nærme seg bokmålet eller fjerne seg frå det. Det dei derimot skal ta omsyn til, er kva som faktisk blir brukt av nynorskbrukarane i dag. I tillegg skal nemnda ta omsyn til talemålsgrunnlaget, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar.  Nemnda vil difor legge ned eit stort arbeid i å kartlegge nynorskbruken, både i aviser, kommunar, offentlege kontor og ute blant folk flest. Blant anna er nemnda i ferd med å registrere språket på nettsidene til  dei fire fylkesmennene som har nynorsk tenestemål, i fem kommunar som dei har valt ut i samarbeid med LNK , og dei vonar å få tilgang til eksamensoppgåver frå skuleelevar både i hovudmål og sidemål.

– Me har lange tradisjonar med nynorsk som skriftspråk og det store nynorske tekstkorpuset som inneheld avisspråk, skjønnlitterært språk, tekstar for born og fagspråk å hente kunnskap frå.. Her kan me sjå kva språk som eigentleg blir brukt, meiner Grete Riise.

Nemnda har også oppretta ein eigen nettstad på Språkrådet sine nettsider der dei inviterer til innspel frå alle som har meiningar om dette og der dei vil legge ut vedtak og høyringsfråsegner etter kvart. Det er også ein del av mandatet frå Språkrådet at arbeidet skal gjennomførast i ein open og inkluderande prosess.

– Så langt eg veit, er det første gangen det blir lagt opp på ein slik måte. Me håpar jo organisasjonar som til dømes LNK vil kome med innspel me kan legge ut her.
Rettskrivingsnemnda vil og snakke med viktige språknormerarar om faktisk språkbruk og forventningar til den nye norma. Til no har dei vore hjå Språkverkstaden i Bergen, Dag og Tid, Samlaget og Nynorsk Pressekontor.

– Mange har jo sin eigen rettskrivingsnorm som dei må justere på etter at dette arbeidet er ferdig, seier Riise som legg vekt på at språkinteressa er stor og at rettskrivingsnorma er viktig for mange.

Ei felles norm
Nemnda skal legge fram ei ferdig innstilling seinast 1. april 2011, 21. februar blir det også eit ope høyringsmøte. Språkrådet skal behandle innstillinga i mai 2011, og dei håpar ei ny norm kan gjelde alt frå skulestart i 2012. Då må ordlistene vere klare i nye og reviderte utgåver.

– Det er fyrst og fremst offentlege tilsette, lærebokforfattarar, lærarar og skuleelevar som må fylgje norma. At dei kan halde seg til ei tydelegare norm vil truleg  gjere det lettare å skrive rett, trur Riise.
Det lettaste blir å ta vekk former folk ikkje brukar eller knapt veit eksisterer. Visste du forresten det er lov å skrive kjemer? Det trur eg ikkje mange vil sakne om den forsvinn. Mange lengtar også etter å til dømes redusere talet på måtar det går an å skrive mogleg. I dag er det seks ulike måtar. No er spørsmålet; kor mange måtar må me ha for å skrive mogleg. Ein, eller kanskje to.

Leiar i nemnda, Grete Riise (62) er nettredaktør hjå Fylkesmannen i Hordaland. Med seg har ho førsteamanuensis Unn Røyneland (43) som arbeider ved Universitetet i Oslo og ved Høgskulen i Volda, Journalist Ragnhild Bjørge (32) som er journalist og reportasjeleiar i NRK Dagsnytt, lærar Karin Magnetun (46) frå Torpo barneskule, lektor og forfattar Tore Elias Hoel (56) frå Bodø videregående skole, redaktør Svend Arne Vee (42) i lokalavisa Firdaposten i Florø og prosjektdirektør Åse Wetås (37) i Norsk Ordbok 2014.  Sekretær for prosjektet er ordlisteredaktør og språkrettar Aud Søyland (55).

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...