Heim Nyhende Vil samle fagmiljøet

Vil samle fagmiljøet

Bibliotekoppgåvene skal no overførast frå ABM – utvikling til Nasjonalbiblioteket. Kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) meiner det er ein fordel å samle fagmiljøet.

– Dette er ikkje vår tilråding, men me vil naturlegvis lojalt fylgje opp dei beslutningane som er tatt, seier informasjonsdirektør Atle Faye i ABM – utvikling til LNK.no.

Regjeringa lanserte i februar forslaget om å overføre bibliotekoppgåvene frå ABM – utvikling til Nasjonalbiblioteket. Det førte mellom anna til at styret i ABM – utvikling som vart leia av Kari Gjesteby trakk seg. I ei pressemelding viser den tidlegare styreleiaren til at dette endrar ABM – utvikling sitt mandat og oppgåver og dermed også oppnemninga av styret. I pressemeldinga vert det også lagt vekt på at ein no må arbeide konstruktivt for å styrkje oppgåvene ABM – utvikling framleis har på arkiv – og museumsfeltet.

– Me er avhengige av klare oppgåver. Vårt fornya mandat er det Kulturdepartementet som må gi oss, seier Faye om kva ABM –utvikling skal arbeide med framover.

Kulturpolitiske talsmann i Høgre, Olemic Thommessen, uttalte til Morgenbladet at han meinte kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) opptredde arrogant ved at Stortinget berre vart informert om beslutninga utan tilstrekkeleg bibliotekfagleg eller politisk debatt om den.

– Men eg la fram dei faglege argumenta, noko han insisterte på at eg aldri gjorde. Eg sa at det på nokre område i Kultur – Noreg er dobbel administrasjon og at dette er uheldig. Me har hatt eit manglande samarbeid og dårleg koordinering mellom ABM – utvikling og Nasjonalbiblioteket. Eg ser det som ein fordel at operative og rådgjevande organ er samla i eit sterkt fagmiljø, seier Huitfeldt til Morgenbladet.

Kulturdepartementet vil fullføre flyttinga av bibliotekoppgåvene frå ABM – utvikling innan 1. juli, skriv Norsk Bibliotekforening på sine nettsider. 
 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...