Heim Nyhende Blir friske på sjukeheimen

Blir friske på sjukeheimen

– Her har vi det vidunderleg, seier Henry Johan Ellingsen. Han er straks ferdigbehandla ved Storetveit sykehjem i Bergen. Spesialiserte avdelingar som denne kan bli framtida om kommunane skal greie å møte krava i Samhandlingsreforma.

Det er tid for å dele ut frukt. Ernæring og livskvalitet er viktig ved den spesialiserte sjukeheimsavdelinga i Bergen. Dei eldre pasientane skal vere best mogleg rusta til å greie seg sjølve når dei reiser: Heimreise er nemleg målet for dei fleste.

– Inititativet til å starte avdelinga kom frå sjukehusa. Det viser seg at dei eldre der ofte blir korridorpasientar og dei kan få eit uverdig behandlingstilbod, seier Yvette Segura, konsitutert styrar ved sjukheimen og tidlegare avdelingsleiar ved den spesialiserte behandlingavdelinga på Storetveit, forkorta SBA.

Innom sjukehuset først
SBA kom på beina hausten 2005 etter ein hektisk innspurt. Ein måtte tilsetje fleire fagfolk, bygge nytt medisinrom og kjøpe inn medisinsk utstyr. Bergen kommune, Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland Universitetssjukehus samarbeider om drifta.

– Pasientane kjem alltid først til eit av sjukehusa. Der får dei diagnose, og behandling blir bestemt før legen ved sjukehuset kontaktar oss, forklarer Segura.

På eit dagleg inntaksmøte vurderer lege og sjukepleiar ved Storetveit sykehjem kva for pasientar som fyller kriteria for å komme til SBA. Pasientane skal vere over 70 år, ikkje ha demensdiagnose og pasientane må vere heimehøyrande i ein av bydelane i kommunen. På Storetveit kan dei få opphald på inntil tre veker. Her får pasientane eit tverrfagleg behandlingstilbod med fysioterpai, tilbod om ulike aktivitetar, samt hjelp frå lege og pleiepersonell.

Populær arbeidsstad
– Viser det seg at pasienten blir veldig dårlig, får han komme direkte tilbake til avdelinga han kom frå på sjukehuset, forklarer Kirsten Grimstad, assisterande avdelingsleiar ved SBA.
Diagnosane ho og kollegaene henner tar hand om er mange:

– KOLS, lungebetennelse, brot og hjartelidingar går igjen, held Grimstad fram.

Ho fortel om eit godt arbeidsmiljø med faglege utfordringar for både sjukepleiarar og hjelpepleiarar. Arbeidsplassen har vist seg å vere populær. Meir tid til pasientane enn på sjukehus, og fleire faglege utfordringar enn på vanlege sjukheimsavdelingar, ser ut til å freiste helsearbeidarar. Kvar torsdag har dei tilsette ved Storetveit sykehjem faglunsj med undervisning i ulike tema.

Gode leiarar viktig
SBA er framleis berre på prosjektstadiet.

– Ei evaluering viser at avdelinga er dyr, men at kvaliteten er bra, seier Segura.

Økonomi- og personalkonsulent Brankica Kajmakovic legg ikkje skjul på at avdelinga er utfordrande å drifte i ei tid med stadige krav om innstramming og sparing.

– Vi må heile tida vurdere strengt kvar det skal kuttast og kvar det skal hentast pengar frå. Med god leiing skal vi klare å halde på kvaliteten, trur Kajmakovic.
Pasientane ved SBA må dessutan vere med å betale litt av opphaldet sjølve: frå sjette behandlingsdag får dei ein eigenandel på 120 kroner døgeret. Ein del pasientar reagerte i byrjinga. Dette ser ikkje ut til å vere noko problem lenger.

Ønskte seg tilbake
– Vi har det så bra her. Eg har vore her ein gong før og bad legen ved sjukehuset om eit nytt opphald her, kjem det frå ein kvinneleg pasient over fruktfatet.

I nabostolen sit Henry Johan Ellingsen med ein lapp i handa som fortel kvar han skal vidare. Dei tre vekene på Storetveit er over. Han viser pleiarane rundt seg stor takksemd. Sjølv om han har kome seg mykje, er han ikkje sterk nok til å reise heim heilt ennå, fortel han.

– Eg bur åleine, seier Ellingsen.

Han legg ikkje skjul på at han gjerne skulle blitt ei stund til ved den framtidsretta sjukeheimsavdelinga på Storetveit.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...