Bibliotekoppgåvene skal no overførast frå ABM – utvikling til Nasjonalbiblioteket. Kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) meiner det er ein fordel å samle fagmiljøet.
– Dette er ikkje vår tilråding, men me vil naturlegvis lojalt fylgje opp dei beslutningane som er tatt, seier informasjonsdirektør Atle Faye i ABM – utvikling til LNK.no.
Regjeringa lanserte i februar forslaget om å overføre bibliotekoppgåvene frå ABM – utvikling til Nasjonalbiblioteket. Det førte mellom anna til at styret i ABM – utvikling som vart leia av Kari Gjesteby trakk seg. I ei pressemelding viser den tidlegare styreleiaren til at dette endrar ABM – utvikling sitt mandat og oppgåver og dermed også oppnemninga av styret. I pressemeldinga vert det også lagt vekt på at ein no må arbeide konstruktivt for å styrkje oppgåvene ABM – utvikling framleis har på arkiv – og museumsfeltet.
– Me er avhengige av klare oppgåver. Vårt fornya mandat er det Kulturdepartementet som må gi oss, seier Faye om kva ABM –utvikling skal arbeide med framover.
Kulturpolitiske talsmann i Høgre, Olemic Thommessen, uttalte til Morgenbladet at han meinte kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) opptredde arrogant ved at Stortinget berre vart informert om beslutninga utan tilstrekkeleg bibliotekfagleg eller politisk debatt om den.
– Men eg la fram dei faglege argumenta, noko han insisterte på at eg aldri gjorde. Eg sa at det på nokre område i Kultur – Noreg er dobbel administrasjon og at dette er uheldig. Me har hatt eit manglande samarbeid og dårleg koordinering mellom ABM – utvikling og Nasjonalbiblioteket. Eg ser det som ein fordel at operative og rådgjevande organ er samla i eit sterkt fagmiljø, seier Huitfeldt til Morgenbladet.
Kulturdepartementet vil fullføre flyttinga av bibliotekoppgåvene frå ABM – utvikling innan 1. juli, skriv Norsk Bibliotekforening på sine nettsider.