Heim Nyhende Søkjer på nynorsk

Søkjer på nynorsk

Google kan vere ei utfordring for nynorskbedrifter som vil opp og fram i søkjemotoren.

– For Google er eit kvart ord unik. Skule er noko heilt anna enn skole i Google si verd, forklarar søkjemotorekspert Gunnar Bråten. For bedrifter som har heile landet som kundegruppe, vil det derfor vere utfordringar knytte til å bruke nynorske nøkkelord når dei skal marknadsføre produkta på heimesidene sine.

– Kundar på Austlandet bruker bokmålsord i sine søk. Leiter dei etter attraksjoner, vil dei ikkje finne attraksjonar, hevdar Bråten. For reiselivsbedrifter kan slike ting vere avgjerande for om dei kjem høgt opp og blir funne i søkjemotoren.

Alternativet kan vere å bruke ord som er like på båe målformer viss det er muleg, eller å lage både nynorsk- og bokmålsvariantar av strategisk viktige sider, på same måte som mange har engelske og tyske sider.

Å gå over til å bruke bokmål er i alle fall ikkje eit alternativ, skal ein tru reiselivsorganisasjonane LNK-avisa har snakka med. Fleire av dei er klar over at denne problemstillinga i forhold til Google, men er samstundes tydelege på at nynorsk er og blir marknadsføringsspråket.

Hjå Reisemål Sunnfjord er marknadssjef Marit Hjortung veldig klar over at aurefiske i Sunnfjord er noko heilt anna enn ørretfiske i Sunnfjord, sjølv om det tilfeldigvis gir treff på ein og same nettstad.

– Vi kjenner til problemet, og vi løyser det med å tilpasse tekst og ordbruk så godt vi klarer, fortel Hjortung.

– Det er ikkje aktuelt for oss å bruke noko anna enn nynorsk.

Førre artikkelSøkjer kvinner
Neste artikkelVil ha råd om ø og y

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...