Heim Nyhende Opnar for bokmål

Opnar for bokmål

I 2004 opna nynorskkommunen Nord-Fron opp for at enkelte tilsette likevel kan nytte bokmål dersom ein meistrar dette betre.

Nord-Fron innførde nynorsk som skulemål i alle krinsar i 1939 og som målform i kommuneadministrasjonen i 1965, i samband med den andre kommunesamanslåinga med Sør-Fron. I 1977 skilde dei to kommunane på nytt lag, og Nord-Fron stadfesta nynorsk som offisielt skriftspråk i administrasjonen. I 2004 opna likevel kommunen for at tilsette kunne bruke bokmål dersom ein meiner ein meistrar dette betre. Slik bruk kan i følgje målbruksplanen vere referat, notat, rapportar og saksframlegg. I tillegg kan det gjelde brev til innbyggjarar og andre der det ikkje er krav om ei bestemt målform.

– Det er heilt naturleg for oss å skrive nynorsk, sidan det ligg nærast opp til dialekten vår. Men eg ser jo at eit vedtak som dette fører til meir innslag på bokmål i administrasjonen, seier ordførar Tove Haugli.
Haugli meiner det er viktig å halde fast på dialekten og ikkje minst identiteten i kommunen. Ho ser samstundes at språket er i utvikling, og at bokmålet stadig vinn terreng, også i Nord-Fron. Ordføraren ser blant anna at ho snakkar ein mykje breiare dialekt enn det barna hennar gjer.

– Det er kjempeviktig å ta vare på dialekten vår. Og nynorsken. Språket er noko av den finaste kulturarven ein kan føre vidare, slår Haugli fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...