Heim Nyhende For lite nynorsk i NRK Super

For lite nynorsk i NRK Super

Trass i auka nynorsktilfang i NRK, er Kringkastingsringen uroa over at det er relativt lite nynorsk i barnekanalen NRK Super.

NRK Super hadde 13 prosent nynorsk i sine sendingar i fjor. Sidan kanalen er så pass ny, finst det ikkje tal å samanlikne med. Kringkastingsringen meiner det er urovekkjande at ikkje kanalen har meir nynorsk.

– Det er avgjerande viktig at born møter nynorsken og dialektar frå heile landet. Dei tidlege opplevingane av språk i media er ikkje berre viktig for å skape språkleg sjølvtillit hos born, men skapar òg eit inntrykk som fester seg av kva som er «normalt» språk. 13 prosent er rett og slett ikkje bra nok, og det er særleg skuffande at dette skjer når vi har samarbeidd tett med NRK for å betre situasjonen. Dette må vi ta opp med NRK, seier Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen.

Ifølgje allmennkringkastingsrapporten, som vart lagt fram 8. april, har nynorskdelen auka frå 18 til 24 prosent i NRK1 , 22 til 26 prosent i NRK P1, 21 til 23 prosent i NRK P2 og 23 til 24 prosent i NRK P3. NRK 2 hadde 17 prosent nynorsk i 2009, same som året før.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...