Studentmållaget i Oslo oppmodar den nye samla studentorganisasjonen i Oslo til å ta nynorsken på alvor.
– Den siste helga i april får Noreg etter alt å døme ein ny, samla studentorganisasjon. Studentmållaget i Oslo helsar organisasjonen velkomen, og er glad for at studentar i Noreg får ei endå sterkare røyst i viktige kampar frametter. Den røysta må den nye studentorganisasjonen nytte til å mellom anna gjere stoda betre for nynorskstudentane her til lands, skriv nestleiar Jens Kihl i Studentmållaget i Oslo i eit lesarbrev.
Han legg vekt på at retten til eksamen på eige språk ofte blir broten, og at en sjeldan får sjå nynorsk på pensumlistene.
– Universitet og høgskular bryt mållova og mange opplever at førelesarar uttrykkjer særs negative haldningar til nynorsk. Det er viktig at den nye studentorganisasjonen tek tydeleg standpunkt og seier frå at nynorskstudentar skal ha dei same høva til å ta høgare utdanning på eige språk som det bokmålsstudentane har, meiner Kihl.
Les lesarbrevet her.