Tolv kommunar er nominerte til årets busetjingspris.
Dei tolv nominerte kommunane er: Asker, Bømlo, Flora, Hamar, Kristiansand, Larvik, Lillehammer, Lyngdal, Sortland, Stjørdal, Tromsø og Ålesund.
Kriteria for å bli nominerte er blant anna at kommunen har eit fleksibelt og løysningsorientert busetjingsarbeid, spesielt i forhold til einslege mindreårige flyktningar. Kommunen må også vise til resultat i introduksjonsprogrammet der fleire skal gå over til anna utdanning eller arbeid. Elles må kommunen få resultat i norskundervisninga og eit godt utviklingsarbeid innan integrerings – og busetjingsarbeidet som dei deler med andre kommunar.
Prisen blir delt ut av Integrerings – og mangfaldsdirektoratet og vinnaren blir kåra under årets nasjonale busetjingskonferanse i Lillehammer 20 mai.
Les meir om prisen her.