Heim Nyhende Trur på Diktarvegen

Trur på Diktarvegen

Olaug Nilssen håpar prosjektet Diktarvegen skal få stor betydning for henne som forfattar.

– I Odda har dei lukkast med å bygge opp eit omdømme som litteraturby, og det betyr mykje ikkje berre for forfattarane som kjem derifrå, men også for dei som kjem i kontakt med byen under litteratursymposiet. Ein blir sett! Ein blir høyrt! Ein blir lest! Eg håpar Diktarvegen oppnår eit liknande omdømme og at dette blir til gagns både for døde og nolevande forfattarar langs rv 13, seier Olaug Nilssen til avisa Nashornet.

Nilssen er frå Solheimsdalen I Førde, no er ho busett i Bergen. Ho debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998. I 2002 kom Vi har så korte armar, i 2005 gav Nilssen ut artikkel – og essaysamlinga Hybrideleg Sjølvgransking, same året kom også romanen Få meg på, for faen. I 2009 gav ho ut portrettboka Nesten frelst av Sigvart Dagsland.

Diktarvegen er eit pilotprosjekt og det første i sitt slag i Noreg. Det var i Ulvik i april 2009 arbeidet med å etablera eit felles litteratur- og kulturnettverk med Fjordvegen som bindeledd starta, i vår vart det også arrangert diktavegkonferanse i Balestrand. Aktuelle samarbeidspartar for vidareføringa er dei nasjonale forfattarorganisasjonane, reisemålsselskap / Fjord Norge, Nasjonale turistvegar, kommunane, fylkeskommunane og regionråda langs RV 13, Innovasjon Noreg og næringslivet.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus Løland-markeringa 2007-2011, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivle-laget og Jakob Sande-stiftinga står bak prosjektet.

Rasmus Løland-markeringa i Suldal gir ut ei årleg avis som heiter Nashornet. I år samarbeider avisa, som kjem ut denne veka, med prosjektet Diktarvegen og Fjordvegen.
I avisa kan du lese meir om Diktarvegen og kva som skjer langs rv. 13.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...