Heim Nyhende Mindre kommunal fridom

Mindre kommunal fridom

Kommunane blir underlagt stadig sterkare statleg styring, syner ein ny rapport utarbeidd av Difi, Direktoratet for forvalting og IKT.

Difi har undersøkt utviklinga av statleg styring på områda grunnskule, helse og omsorg og miljøvern i kommunane i ein tiårspreiode. Her kjem det fram at omfanget av lover, forskrifter, rettleiarar og rapporteringsskjema har auka monaleg og har gjort det lokale handlingsrommet mindre.

– Fleire rettigheitsreglar har kome den siste ti-årsperioden. Rettigheiter er meint å prioritere visse grupper og sikre likskap for desse på tvers av kommunegrenser. Men det er eit tankekors at når mange grupper får konkrete rettskrav mot kommunen, vil dette binde lokal ressursutnytting, gje auka byråkrati og gje lite lokalt handlingsrom, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Med stadig fleire plikter, individuelle rettar å betene og stadig strengare krav til rapportering får mange kommunar problem med både kapasitet og kompetanse til å overhalde lovpålagte plikter.

Navarsete seier ho ikkje er vidare glad for den utviklinga som rapporten syner og ho varslar no ein stortingsdebatt om utfordringa.

Meir om denne saka kan du lese i LNK-avisa som kjem i mai.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...