33 kommunar har vist interesse for å delta i Omdømmeskolen 2010.
Kommunane som skal delta må ha ei klar kobling av omdømmearbeidet til kommuneplanen sin samfunnsdel. I tillegg må søknaden og det praktiske arbeidet vere forankra i kommunen sin politiske og administrative leiing.
– Det å ha eit godt omdømme er eit konkurransefortrinn for ein kommune. Den store interessa for Omdømmeskolen viser at fleire kommunar har fått augene opp for denne samanhengen, seier prosjektleiar Anne Irene Myhr til Distriktssenteret sine nettsider.
– Kommunene etterlyser kompetanse, metodar og nettverk, seier Myhr og legg vekt på at Distriktssenteret skal samarbeide med Børre Berglund i planlegginga av dei tre samlingane ein skal gjennomføre i Omdømmeskolen 2010.
Omdømmeskolen vart første gong gjennomført i 2008 på initiativ frå Kommunal- og regionaldepartementet. Sidan har Distriktssenteret overteke skulen. Føremålet med skulen er å gi kommunar og småsamfunn inspirasjon til å jobbe med stadsutvikling og omdømmebygging.