Då sju statlege tilsyn vart utflytta frå Oslo, var det uaktuelt for dei fleste tilsette å flytte til ein annan del av landet.
Utflyttinga, som skjedde mellom 2003 og 2007, ramma 815 tilsette. Berre eit fåtal av desse flytta med jobben og er framleis tilsett i dag.
Dei fleste opplevde utflyttinga som å miste jobben og skaffa seg ny jobb i Oslo. Mange vart også pensjonert for tidleg. Nærmare halvparten meiner at flyttinga hadde negativ betydning for karrieren og privatøkonomien, skriv Direktoratet for forvaltning og IKT.
Etatane som vart flytta var Post- og teletilsynet, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Luftfartsdirektoratet, Statens filmtilsyn og Eigarskapstilsynet. (NPK)