Heim Nyhende Full fart

Full fart

Denne veka er det full fres med Ekstremsportveko på Voss.

Ekstremsportveko har energiske ingrediensar: her blir paragliding, kiting, rafting, freeride og andre sportslege aktivitetar som utfordrar såvel tyngdekraft som tryggleik. Veko har ein musikalsk del i tillegg til den sportslege. Det blir konsertar med mellom andre Dum Dum Boys, Timbuktu og Jaa9 og OnklP.

Heile programmet finn du her.

For dei som vil ta det roligare, kan pilgrimsvandring vere eit alternativ. Frå laurdag til søndag blir det pilgrimsvandring langs den gamle pilgrimsleia mellom Suldal og Røldal. Stemnet er lagt til ei helg nær ”gamaljonsok”, som er den dagen pilegrimane i gamal tid valfarta til stavkyrkja i Røldal og det vidgjetne krusifikset som kunne gi lækjedom denne spesielle natta.

Meir om pilgrimsvandringa her.

Arrangementa er henta frå kulturkalenderen til Diktarvegen. Har du noko du vil melde inn her? Sjå på www.diktarvegen.no.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...