Heim Nyhende Berre éin av fire meiner sidemål er viktig

Berre éin av fire meiner sidemål er viktig

Berre kvar fjerde nordmann meiner det er viktig at alle skuleelvar lærer å lese og skrive både nynorsk og bokmål.

Nesten halvparten av dei spurde, 46 prosent, meiner det ikkje er viktig at unge lærer seg å lese og skrive sidemål, ifølgje ei meiningsmåling Sentio har utført for Nationen.

Vestlendingar og Senterparti-veljarar er mest positive til obligatorisk sidemål i undervisninga. Mest negative er dei som bur på Austlandet og dei som stemmer Høgre.

Leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag seier til avisa at Framstegspariet sin Ungdom og Unge Høgre bevisst freistar å skape splid om nynorsken og at dei brukar dette i skulevala for å få auka oppslutning. Øvregård meiner det er rart at folk kan hetsast med bakgrunn i språket, sjølv om dette ikkje er legitimt når det kjem til rase eller legning.

Unge Høgre-leiar Henrik Asheim avviser kritikken:

– Nokon kan godt meine at dette er politisk hetsing, men det er politikk, og eg ser det er ein politikk som mange er einige i, seier han. (©NPK)

Førre artikkelFull fart
Neste artikkelTreng utfordringar i arbeidslivet

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...