Kommunal – og regionaldepartementet etterlyser no gode forslag til kjønnsnøytral tittel på rådmann.
I dag er det berre 18 prosent av norske rådmenn som er kvinner, det vil departementet gjere noko med. Difor etterlyser dei no gode forslag til ein tittel som kan brukast både på mann og kvinne. Departementet viser til at stillinga i fylgje lova heiter administrasjonssjef, men at dei fleste kommunar brukar rådmann.
Har du gode forslag kan du sende dei inn her.