Heim Nyhende Litteraturfestival med tilbod for barn og unge

Litteraturfestival med tilbod for barn og unge

Litteraturfestivalen i Fjaler vert i år skipa 6. – 8. august og nytt av året er tilbod om fortelje- og skrivekurs for barn og unge.

– Me ynskjer å få opp interessa for Jakob Sande og gjera festivalen meir relevant og synleg blant barn og unge, seier Therese Kristin Tokle, dagleg leiar i Jakob Sande-Selskapet.

Dramatikar Maria Tryti Vennerød står for skrivekurset for ungdom frå 16 – 26 år, medan forteljegruppa Klingelihorn held forteljarkurs for ungdom frå 10 – 15 år. Forteljegruppa står også for forteljarteater for barn frå 6 – 8 år.

Det er Jakob Sande-Selskapet som er arrangør av Fest i Fjaler, og festivalen har i år invitert mellom anna skodespelar Arnhild Litleré, kjønnsforskar Ellen Mortensen og lyrikar og litteraturkritikar Espen Stueland som førelesarar til årets litteraturseminar, ”Sande på diktarveg”.

Sigrid Moldestad (foto: Magnus Skrede) har på si siste plate sett melodi til eit par dikt av Jakob Sande og saman med bandet held ho konsert i auditoriet på United World College Kobberskjerkvelden.

– Fest i Fjaler har opparbeida ein tradisjon med å leiga inn musikarar som har sett melodi til Jakob Sande sine tekstar, fortel styreleiar Margrete Reisæter. Tidlegare år har mellom anna Ole Paus og Odd Nordstoga vitja festivalen.

Les meir om Fest i Fjaler her.

LNK presenterer arrangement langs Diktarvegen. Heile kulturkalenderen finn du på www.diktarvegen.no

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...