Heim Nyhende Festival i nedlagt bensinstasjon

Festival i nedlagt bensinstasjon

For å stimulera tilflytting til Vinje skipar Liv i Vinje festival i ein nedlagt bensinstasjon i Bøgrend i Telemark helga 6. – 8. August.

Bøgrend Autofest blir skipa i samarbeid med den idealistiske konsertarrangøren Havresekken, som har base i Oslo.
– Målet er å bremsa fråflyttinga frå Vinje og stimulera til tilflytting, fortel prosjektleiar Silje Hegg.

Prosjektkoordinator  for Liv i Vinje Silje Hegg (foto: privat)Prosjektet Liv i Vinje er framleis i forprosjektfasen og held på å finna ut kva ein skal gripa tak i.
– Dugnadsviljen er viktig i slike prosjekt, understrekar Hegg. Bøgrend Autofest er eit samarbeid med to av aktørane bak den idealistiske organisasjonen Havresekken, som har base i Oslo men har røter i Bøgrend og i Tokke, fortel Hegg. Havresekken har som mål å gje publikum artistar du ikkje veit du likar, songar du ikkje har høyrt, på stader du ikkje visste du kom til å trivast.

– Det var med utspring i det vellukka bygdeutviklingssprosjekt for Øyfjell at ein vart stimulert til å skipa prosjektet Liv i Vinje tidleg i år, fortel Hegg. Hegg er oppvaksen i Åmot i Vinje og flytta heim att frå Bergen for omlag 3 år sidan for å leia prosjektet Øyfjell City, som vart avslutta i desember 2009. Hegg er utdanna sosialantropolog, har musikkutdanning frå Rauland og var tidlegare med i folkemusikkgruppa Blåmann Blåmann, saman med mellom anna Odd Nordstoga.

Kvifor festival?
–  Ein festival gjev piff til eit prosjekt, og er med på å smøra maskineriet til dei som bur i bygda og som vurderer å koma tilbake, fortel Hegg. Når ein møtest på eit slikt arrangement blir ein minna om kva ein har og ein kan visualisera seg ei framtid på den staden ein har vakse opp. – Det er framleis mykje ein kan gjera i Vinje når det gjeld å leggja til rette for til dømes desentraliserte arbeidsplasser, avsluttar ho.

Les meir om Bøgrend Autofest, Liv i Vinje og Havresekken her.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...