Heim Nyhende Sommarsnakk med Berit Rekve

Sommarsnakk med Berit Rekve

Mediemållagsleiar Berit Rekve utfordrar journalistar i dameblad og andre magasin til å bruka meir nynorsk.

Namn: Berit Rekve

Alder: 44

Yrke: Kommunikasjonsrådgjevar, leiar for Mediemållaget på fritida

Skal bruke sommaren til: Brukar å vera eit par veker på hytte ved Hardangerfjorden. Elles er det fint å vera heime i hovudstaden om sommaren òg. Lesa og skriva litt. Innrømmer gjerne at det har blitt noko fotball og sykkel på fjernsyn.

Kva er den største utfordringa til nynorsken framover?

Det er mange store utfordringar. Opplæringa kjem alltid først. Dessutan står det att mykje haldningsarbeid i alle sektorar.

Kva må til for at ein skal få meir nynorsk i nasjonale media?

Langsiktig påverknad og haldningarbeid er nok vegen å gå.

Kvifor trur du mange journalistar vegrar seg mot å bruke nynorsk?

Dette har vel mest med redaksjonsspråket der dei arbeider. Men det kan ha med haldningar eller dugleik å gjera. Det er difor vi i MML tilbyr kurs. Journalistutdanningane må ta meir ansvar for det språklege òg.

Kvifor er det så vanskeleg å få nynorsk inn på arenaer som magasinjournalistikk og sportsjournalistikk?

Vel, no vert det skrive om sport på nynorsk i dei lokalavisene som er redigerte på nynorsk, då. Men dette har nok med tradisjonar å gjera.

Kvifor er det så lite nynorsk i dameblada?

Dei er nok svært varsamme med det avstikkande. Tenkjer at stoffet skal vera lett tilgjengeleg og ikkje skapa motstand. Eg utfordrar gjerne både dei og andre til bruka meir nynorsk. Det ser ut til at det er meir positive haldningar hjå lesarane enn før.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...