Debattkulturen på nett vil i løpet av dei neste 50 åra bety at demokratiet går opp i liminga, meiner forskar Eivind Hansen ved Journalisthøyskolen i Danmark, skriv forskning.no.
– Det herskar ein annan debattkultur på internett, der ein ikkje kan setja ansikt på folk, meiner Hansen. Dette vil på sikt gjera at debattdeltakarane ikkje står fast med eit sett av haldningar. Til forskjell er det forventa at ein debattdeltakar held fast ved grunnhaldningane sine i dag. Hansen forskar på korleis nye media påverkar samfunnet.
Hansen meiner grunnlaget for demokratiet vert svekka ved at ein via kommunikasjon på Facebook, bloggar og andre debattsider ikkje er plikta til å vera ein person med eit sett haldningar.
Les heile saka og kommentarar frå lesarar på forskning.no