Heim Nyhende – Tidleg språkopplæring er avgjerande.

– Tidleg språkopplæring er avgjerande.

– Obligatorisk, tidleg og god sidemålsopplæring for alle er avgjerande for at elevar med bokmål og nynorsk som sidemål skal stilla likt, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.

I ein kommentar i Dagbladet 3. august skriv assisterande rektor ved Oppegård vidaregåande skule, Svein Magne Sirnes, at sidemålsopplæring frå barnetrinnet vil vera pedagogisk uheldig. Han spør om ikkje elevar som må forhalda seg til to språkkonvensjonar frå barnesteget vil føra til auka tilbakegang for nynorsk.

Leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård (foto: Astrid E. Hjelmeland)Mållagsleiar Øvregård er heilt usamd i denne framstillinga. – All forsking syner at dess fleire språk ein lærer og dess tidlegare ein lærer dei, dess betre er det, understrekar Øvregård. Evna til å læra seg fleire språk vert dårlegare dess eldre ein er.

Sirnes meiner det vil vera pedagogisk uheldig for elevar i småskulen å halda styr på to skriftspråkkonvensjonar, og stiller spørsmål til om det kan forsvarast å tvinga bokmålselevane til å læra seg ord som til dømes «brotsverk», «freistnad» og «vørdnad» – og verbformer som «hjelpte», «trefte» og «las» – før dei meistrar hovudmålet sitt.

Øvregård meiner at det er heilt sjølvsagt at barn skal læra seg nynorsk og bokmål i tidleg alder . – Vert borna vane med å høyra nynorsk og bokmål frå dei er i barnehagealder og i småskulen, så vert desse orda ikkje så framande for dei, svarar han.

Ei av hovudutfordringane i språkopplæringa i dag er i følgje Øvregård at det er ein veldig stor skilnad på dei som har nynorsk og dei som har bokmål som hovudmål.
– Medan bokmålselevar i dag nesten ikkje høyrer og les nynorsk, får nynorskelevar alt for mykje bokmål i sin kvardag.
Øvregård er heller ikkje uroa for at fleire nynorskelevar vil gå over til bokmål dersom dei byrjar med sidemålsopplæring i barnetrinnet, som Sirnes skisserer som ein av konsekvensane.
– Det som er utslagsgjevande i ein slik språksituasjon er all bokmålen elevar med nynorsk som hovudmål har rundt seg dagleg, seier Øvregård. Det er stor forskjell på kor mange bokmålsbøker ein fjerdeklassing med nynorsk som hovudmål les og på kor mange nynorskbøker ein fjerdeklassing med bokmål som hovudmål les, understrekar mållagsleiaren.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...