Heim Nyhende Målpris til Universitetet i Bergen

Målpris til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen får Målprisen 2010 av Noregs Mållag. – Dette er svært oppmuntrande og gledeleg, seier rektor ved UiB Sigmund Grønmo.

– Me legg vekt på å bruke begge målformene og har ein medviten språkpolitikk. Denne rosen set me stor pris på, seier Grønmo.

Han fortel at dei brukar nynorsken både muntleg og skriftleg.

– Me brukar mykje nynorsk i informasjonsmateriale, og eg personleg vekslar mellom bokmål og nynorsk, både muntleg og skriftleg, fortel Grønmo.

Ambisiøse mål

Universitetet i Bergen utforma i 1996 eigne retningslinjer for språkbruk, med mål om 30 prosent nynorsk. Det nasjonale målet er 25 prosent.

Leiar i Noregs Mållag Håvard Øvregård peiker på at universitetet allereie den gongen viste at dei stilte høge krav til seg sjølv.

– Dei har medvite arbeidd i alle år for at nynorsk skal ha like vilkår som bokmål, seier Håvard Øvregård.

Øvregård seier at det er viktig at nynorsken har ein naturleg plass i høgare utdanning, og at UiB har klart nettopp det.

– Motverkar målskifte

– Universitetet i Bergen motverkar med sin språkpolitikk målskifte etter vidaregåande. På masterutdanningar ser me mellom anna at nynorsken held stand, fortel Øvregård.

Mållagsleiaren tykkjer det er viktig å framheve dei som er gode.

– Det er viktig å gi skryt og synleggjere dei som fortener det. Universitetet i Bergen er éin av desse.

(Fakta) Målprisen dei siste 11 åra:

2010: Universitetet i Bergen

2009: Magnhild Meltveit Kleppa

2008: Halvor Folgerø og Finn Tokvam

2007: Arne Johannesen

2006: Olaug Nilssen

2005: Kjartan Fløgstad

2004: Are Kalvø

2003: Ola Jonsmoen

2002: Kari og Ivar Medaas

2001: Hellbillies

2000: Opera Software

2000: Guri Vesaas

 

(©NPK)

Førre artikkelUtsira i front
Neste artikkelVil ha valfritt sidemål

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...