Heim Nyhende Spør seg om flyplass trengst på Stord

Spør seg om flyplass trengst på Stord

Sjølv om Stord lufthavn, Sørstokken har fått midlar på statsbudsjettet, må flyplassen be kommunen om lån. Er det på tide med nedlegging, spør Demokratene.

– Det er på tide at politikarane spør seg om ein skal ha flyplassen eller ikkje. Eg meiner nei, seier Fredrik Litleskare i Demokratene til NRK.  Litleskare seier det var lettare å sjå behovet for flyplassen den gong Stord ikkje var landfast, men etter at trekantsabamndet kom og batt Stord og Bømlo saman med Sveio ser han ikkje behovet lenger.

Både ordførar Liv Kari Eskeland (H) på Stord og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) i Hordaland meiner flyplassen er viktig for kommunen, men Selsvold Nyborg seier det er ønskeleg at flyplassen er lønnsam og tener pengar.

Sist veke søkte Stord lufthavn Stord kommune, som eig flyplassen saman med fylkeskommmunen, om eit lån på 1,3 millionar kroner, trass i at dei same veke fekk løyvingar på 12 millionar kroner over statsbudsjettet. Denne veka fekk dei avslag på lånesøknaden.

Flyplassen på Stord opna i 1985 og har 12 avgangar mellom Stord og Oslo kvar veke.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...