Heim Blogg Side 31

Kjenner på ansvaret med å vera «Årets nynorskkommune»

0

Nye Ålesund kommune er kåra til Årets nynorskkommune 2019. Dei får mellom anna prisen for å vere ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken sin plass i fylkes- og kommunereforma.

Wikipedia på nynorsk har passert 150.000 artiklar

0
 
Jubileumsartikkelen handlar om trekkfuglen brunkinnskogtrast, som berre er observert fire gongar i Noreg.

Nye Ålesund vert årets nynorskkommune: – Ein føregangskommune

0

 
Den nye ordføraren heldt på å miste vervet på grunn av nynorsken, no får kommunen ros for språkarbeidet.

Her er dei 10 beste barnebøkene på nynorsk

Ein jury har nominert dei ti beste barnebøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt inn forslag.
Som ein del av Bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no tatt initiativ til å kåra dei beste barnebøkene på nynorsk etter 2000 for å visa breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar.

– Juryarbeidet har vore ei veldig kjekk, men verkeleg vanskeleg oppgåve! Det var mykje bra å velja mellom, og det var kjempevanskeleg å avgrensa utvalet til berre 10 bøker i kvar kategori, seier Liv Astrid Skåre Langnes.

Ho har leia juryen saman med Liv Kristin Bjørlykke Øvereng. Juryen har valt ut 10 bøker i dei fire kategoriane: barnebøker, biletbøker, ungdomsbøker og faktabøker for barn og ungdom.

Dei beste barnebøkene blir offentleggjort først. Dei andre sjangrane vil bli offentleggjort seinare i haust.

Tilsette ved Nynorsksenteret i nominasjonsprosessen og idemyldrar saman med juryleiarane. Foto: Ingvild Myklebust Hovden, Nynorsksenteret

Berre éi bok per forfattar

Juryleiarane Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Liv Astrid Skåre Langnes fortel at juryen har arbeidd etter tre prinsipp:

– Eit av prinsippa har vore at boka skal vera utgitt etter år 2000, boka skal heller ikkje skal vera omsett, men nynorsk originallitteratur. Det tredje prinsippet har vore at kvar forfattar berre kan vera representert med ei bok, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

– Når me først skal kåre dei beste bøkene innan nynorsk barnelitteratur er det heilt sikkert nokon som vil tenkje det er rart at me til dømes berre har med ei av bøkene til Maria Parr. Likevel har me valt å halda på prinsippet om ei bok per forfattar, seier Liv Astrid Skåre Langnes.

Troels Posselt, Janne Karin Støylen og Trond Strand har òg vore med i juryen.

Samlar bøkene i katalog

I etterkant av dette prosjektet vil Nynorsksenteret samla bøkene i ein katalog.

– Her vil vi også presentere fleire av bøkene til forfattarane og andre bøker som ikkje har fått plass på denne lista. Her vil det også vera bøker som ligg utanfor prinsippa som me har retta oss etter, til dømes gode bøker før år 2000 og omsette bøker, seier juryleiarane.

Juryen har også sett på dei over 100 nominasjonane som har blitt sendt inn frå publikum i løpet av våren til Framtida Junior.

Frå Nynorske barnebokfest i Førde. Foto: Alf Vidar Snæland

Eit løft for nynorsk barnelitteratur

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk kultursentrum, Garborgsenteret, Falturiltu, Nynorsksenteret, Diktardagane og Rom for ord har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til eit løft for gode nynorske lese- og litteraturopplevingar for barn i samband med Bokåret 2019.

Gjennom prosjektet skal det arrangerast 50 arrangement 50 stader i Noreg.

HER ER DEI NOMINERTE BARNEBØKENE:

Teo i trøbbel: Solveig Blindheim Bendixen

Teo i trøbbel er ei humoristisk og realistisk bok om å byrje på skulen og dei kvardagsutfordringane ein då kan møte. Det er gjenkjennelege og truverdige situasjonar frå førsteklasselivet som er tekne på alvor. Teo møter utfordringar som løyser seg på litt ulikt vis.

Tonje Glimmerdal: Maria Parr

Når du startar å lese denne boka, kjem du rett inn i forteljinga. Ein får lyst til å lese vidare om påfunna Tonje har og om dei ulike venskapsrelasjonane som er i den vesle bygda. Boka er livsglad, herleg og dundrande. Du vil ikkje angre.

Eksperimentet: Harald Nortun

Personlegdom handlar om meir enn korleis ein ser ut. I denne boka vert kjønnsrollemønster og stereotype oppfatningar om kva ei jente og ein gut må vere, utfordra gjennom tvillingeksperimentet. Eksperimentet byr på både forviklingar og alvor.

Fly, Thea! Fly: Bente Bratlund

Dette er ei rørande forteljing om korleis det kan kjennast å vere fosterbarn. Boka tek opp vennskap, draumar og det å kjenne seg utanfor. Temaet og relasjonane er skildra realistisk og med ein sterk tråd av optimisme og framtidstru.

Verdas mest forelska par: Rune Belsvik

I denne kjærleiksforteljinga leikar Belsvik med språket. Det er hørkelpørkel og pludring, dei vaksne er som born, og alt går føre seg i ei naiv, men levande verd. Filtrert gjennom dette samfunnet vert kjærleiken Belsvik skriv om, ekstra tydeleg og fin.

Motorsykkelmysteriet: Magnhild Bruheim

Motorsykkelmysteriet er ei spanande krimbok for born. Hovudpersonane, Stian og Stine, er stesøsken, og boka inneheld både familieutfordringar, venskap, empati og samfunnsengasjement. Og ikkje minst eit spanande mysterium.

Ollis: Ingunn Thon

Ingunn Thon si bok «Ollis» er ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot. Her er mykje humor, kvardagslege utfordringar og alvor om kvarandre, presentert gjennom eit frodig og detaljrikt språk.


Snillionen: Arnfinn Kolerud

Frank og mor vinn i Lotto, og mor bestemmer seg for å gje bort ein million til ein person i bygda som gjer noko ekstra snilt. På ein intelligent måte skildrar boka kva fattigdom kan få folk til å gjere, og kva rikdom kan få folk til å gjere. Dette er ei svært morosam bok, full av humor, språkleik og artige observasjonar.

Flukt: Atle Hansen

Flukt er ei kort og spanande slukebok om venskap, etikk, og spionering. Ho tek opp samfunnsspørsmål som asylpolitikk og det å halde informasjon skjult for politiet. Språket og formatet er lett tilgjengeleg, og boka engasjerer lesarane.


Happy: Linn T.Sunne

Happy er ei vakker, lita historie som handlar om å vere ny i ei klasse og om å manøvrere i den vanskelege verkelegheita. Med varme og innsikt viser forfattaren kor vanskeleg det kan vere å vere barn på veg til å bli ungdom. Språket og formatet er lett å lese, utan at dette går ut over boka sine litterære kvalitetar.

Bli med på den uhøgtidelege avstemminga på bøkene på Framtidajunior.no – og stem på favorittboka di!

1,2 millionar til Framtida.no og Framtidajunior.no

0

Landssamanslutninga av nynorskkommunar er svært glade for å få ein auke over statsbudsjettet på 1,2 millionar øyremerkt barne- og ungdomssatsinga Framtida.no og Framtidajunior.no.

Ny undersøking: Fleire skulebibliotek har auka innkjøpet av nynorske bøker

0
 
Men mange kunne ønskt seg meir pengar til å kjøpa inn bøker – og fleire bøker å velja mellom.

Prøveordning skal gi meir litteratur til barn og unge

0
 
Om lag 200 skulebibliotek blir inkluderte når Kulturrådet utvidar innkjøpsordninga for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar for barn og unge.

NRK på veg mot 25 prosent nynorsk i år

0
 
NRK er på god veg til å klara kravet om 25 prosent nynorsk i sendingane sine for første gong. Det var meldinga då kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen informerte Kringskastingsrådet om statusen for nynorskarbeidet i statskanalen.

NRK vil ha eitt distriktskontor per fylke

0

Leiinga i NRK opnar no opp om omorganiseringa i allmennkringkastaren. Målet er eitt distriktskontor per fylke.

Seks nye bøker i Leseland-serien

0
 
Maria Parr, Laurda Djupvik, Atle Berge og Anders Totland kjem med nyskrivne forteljingar i den populære Leseland-serien.

Nasjonal fagkonferanse om det nye norskfaget

0
 
Nynorsksenteret inviterer til nasjonal fagkonferanse på Hamar 19.-20. november om det nye norskfaget med fokus på skriving, lesing, nynorsk og vurdering.

Nynorsken heldt på å kosta ho ordførarvervet: – Det var verdt det!

0
 
Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar i den nye storkommunen Ålesund, som blir Noregs største nynorskkommune.