Heim Blogg Side 344

Etterlyser nyskaping

0

Tron Bach er tilsett som samfunnsutviklar i Tysnes kommune. Prosjektet 3012 skal gi fleire innbyggarar og vekst i lokalsamfunnet.

Dahle attvald som leiar

0

Jan Magne Dahle frå Ørsta kommune er attvald som leiar i LNK. Med seg i styret får han kultursjef i Lærdal kommune, Astrid Myran Aarvik, ordførar i Vågå kommune, Rune Øygard,ordførar i Sauda kommune, Laura Seltveit og ordførar i Ullensvang Solfrid Borge.

– Vanskeleg å snu flyttestraumen

0

Flyttestraumen frå bygda og inn til byen kan bli vanskeleg å snu, meiner professor ved University of Oxford, Stein Ringen.

– Nynorsk nyttig i møte med innflyttarar

0

Nynorsk kan vere nyttig for ein kommune i møte med innflyttarar og innvandrarar, meiner kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Det sa ministeren då ho snakka om kommunal omdømmebygging på landsmøtet til LNK i Loen.

– Språk er suksessfaktor

0

God språkopplæring er suksessfaktor nummer ein for kommunar som ønskjer å bli gode på arbeidsinnvandring. Det seier Kristine Kopperud Timberlid, rådgjevar i NAV Eures.

Etterlyser nyskaping

0

Tron Bach er tilsett som samfunnsutviklar i Tysnes kommune. Prosjektet 3012 skal gi fleire innbyggarar og vekst i lokalsamfunnet.

Bach har brei erfaring frå ulike hotellverksemder og viste sjølv interesse for jobben då Tysnes kommune søkte ein samfunnsutviklar.

– Eg kjente kommunen i veldig liten grad då eg byrja. Men eg hadde inntrykk av at det var ein laidback kommune, ein snill, hyggeleg og litt gammelmodig kommune. Kanskje litt forsiktig. Men det var ei spanande oppgåve, meiner han.

Det var under LNK sitt landsting i Loen Bach presenterte utfordringane i øykommunen Tysnes. Kommunen hadde eit overordna mål om å nå 3012 innbyggarar i løp av det to-årige prosjektet som snart går inn i det siste halvåret. i 2008 auka folketalet med 20 personar medan ein har mista 8 personar første kvartal i 2009. Back legg vekt på at dette er ein tidkrevjande prosess.

– Dette er ein prosess som tek tid. Skulle ein fått til alt dette på to år må ein springe 60 – meteren konstant. Å bygge opp eit omdømme i kommunen vil ta tid. Men det er viktig å starte prosjektet. Målet å vere å finne det unike som me kan marknadsføre oss med.

I løpet av prosjektet har mellom anna Tysnes fått sitt eige slagord: Gudeøya Tysnes. Framtid på historisk grunn. Eit slagord som vart til i i samarbeid med lokalbefolkninga i kommunen. Bakgurnnen for slagordet er i følge Bach alle namna i området som har norrøne tradisjonar.

Tron Bach etterlyser no meir innovativ tankegang i øykommunen. Han ser gjerne at fleire unge og nyskapande mennesker slår seg ned i kommunen.

– Kommunen er knakande god på lovpålagde oppgåver, men me strever med lite innovative tiltak. Og me har ein utfordrande demografi med mange eldre innbyggarar, seier samfunnsutviklaren.

Prosjektet 3012 er finansiert via eit spleiselag mellom kommune og fylkeskommune.

– Vanskeleg å snu flyttestraumen

0

Flyttestraumen frå bygda og inn til byen kan bli vanskeleg å snu, meiner professor ved University of Oxford, Stein Ringen.

– Dei som flyttter frå bygda til byen er i dag ofte motivert av eit livstilsval, i motsetnad til før då ein gjerne måtte flytte. Eg trur det blir vanskeleg å snu denne flyttestraumen, det vil kreve mykje av kommunane, spesielt dei små distriktskommunane. Eg har trur på ein struktur med små kommunar, men eg trur ikkje alle kan vere sjølvhjelpte med tenester. Kommunane burde bli flinkare på arbeidsfordeling og samarbeid. Men det trur eg er vanskeleg å gjennomføre, slo han fast under landstinget til LNK i Loen.

Han la også vekt på at ein aukande del av befolkninga i Noreg er innvandrarar. I 2008 vaks folketalet på landsbasis med 62.000 personar, 42.000 av desse representerer eit innvandringsoverskot.

– Me er i ferd med å bli ein kulturelt samansett befolkning, meiner Ringen.

I 2008 kom det 14.400 polakkar til landet via arbeidsinnvandring. Samstundes som arbeidsinnvandringa aukar legg Stein Ringen vekt på at ein no ser ein aukande tendens til at fleire polakkar no reiser attende til sitt heimland.

– I Storbritania har me sett dette ei stund allereie, men det byrjar også å bli ein tendens i Noreg, seier han.

Sjølv om arbeidsinnvandringa i Noreg er stor, viser Ringen til at dei som flytter ut av landet for å arbeide er forsvinnande få.

Dahle attvald som leiar

0

Jan Magne Dahle frå Ørsta kommune er attvald som leiar i LNK.

– Nynorsk nyttig i møte med innflyttarar

0

Nynorsk kan vere nyttig for ein kommune i møte med innflyttarar og innvandrarar, meiner kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. 

Målpris til Hordaland Teater

LNK sin Pris for offentleg målbruk 2009 går til ein særs viktig kulturinstitusjon på Vestlandet, nemleg Hordaland Teater.

Vil ha meir nynorsk i riksmedia

0

Styreleiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Jan Magne Dahle, meiner mange redaktørar i riksmedia diskriminerer nynorsken. På den andre sida meiner han unge nynorskbrukande journalistar som Ronny Brede Aase i P3 og Ingvill Tandstad i NRK Østlandssendingen er gull verdt i målkampen.

Det var i landsmøtetalen under opninga av landstinget til LNK på Alexandra Hotel i Loen tidlegare i dag styreleiaren sette fokus på det han meiner er diskriminering av nynorsken.

– Vi treng difor nasjonale politikarar som kan seie til redaktørar i riksmedia at kravet om måljamstelling i redaksjonane ikkje har noko med autoritære styresett å gjere, men derimot er det i Ivar Aasen si ånd eit demokrati- og nasjonsbyggingsprosjekt. Det vil heller ikkje føre til normløyse og kaos i redaksjonane om ein aukar talet på tillatne målformer frå ei til to, seier Dahle.

Blant anna trakk han i talen fram Tor Fuglevik sitt uspel om at ein bør setje nynorskkrav til dei avisene som får pressestøtte. Fuglevik var tilsett i NRK i ei årrekkje, medlem i Norsk Redaktørforening i over 25 år og medlem av Språkrådet i om lag fire år. I eit innlegg i Dagens Næringsliv i midten av januar seier Fuglevik mellom anna følgjande:

”Det er mindre enn fem år siden Stortinget satte som overordnet mål at nynorsk og bokmål skal sikres som fullverdige, likestilte bruksspråk i det norske samfunnet. Så lenge nynorsk stenges ute av de nasjonale mediehusene, kan dette overordnede målet umulig nås. Og før denne situasjonen opphører, er norsk som språk heller ikke fullt ut samfunnsbærende.”

– Fuglevik sin bodskap er at det må setjast krav til den som får direkte pressestøtte (300 millionar kroner i året) og til dei som får indirekte støtte i form av fritak for meirverdiavgift (1300 millionar kroner i året). Han viser til stortingsmeldinga ”Mål og meining” og hevdar at Stortinget bør ta eit oppgjer med den langvarige og systematiske nynorskdiskrimineringa ved til dømes å gjere momsfritaket om til direkte, målretta pressestøtte og knyte som vilkår til støtta at dei nasjonale mediehusa ikkje berre gir nett- og papirjournalistane sine fridom i målform, men aktivt arbeider mot ein nærare bestemt prosentdel nynorsk, meiner Jan Magne Dahle og seier vidare:

– Tor Fuglevik får positiv respons for meiningane sine i regionaviser medan Bernt Olufsen i VG og Hilde Haugsgjerd i Aftenposten går i vranglås og Dagbladet i stor grad nyttar den kjende utvegen å snakke om noko anna og tilleggje motdebattantane meiningar dei ikkje har. Dei nasjonale mediehusa får viljen sin ved at kulturdepartementet og dermed regjeringa og stortingsfleirtalet ikkje vil røre ved prinsippet om at val av målform er ein del av redaktørplakaten. Og Tor Fuglevik får ikkje vervet som 2. vara i Oslo Redaktørforening. Han er ikkje til stades på årsmøtet, men han skulle gjerne ha vore vitne til dramatikken. Elles tek han ikkje tapet svært tungt.

Dahle meiner trekk fram språkmeldinga Mål og meining som den store og positive hendinga for nynorsk sidan førre landsting.

– Desse argumenta og mange fleire finn vi i ”Mål og meining”. Det er difor på tide at vi forlangar mindre arroganse og meir klokskap i nokre store redaksjonar. Dersom det ikkje skjer, og nasjonal språkpolitikk blir medvete sabotert, så bør sabotasjen vere unntatt frå statsstøtte i milliardklassen, slår han fast.

Dahle trekk også fram dei unge nynorskbrukande journalistane som ei motvekt i debatten.

– Etter mitt syn er unge folk som Ronny Brede Aase og Ingvill Tandstad gull verdt for nynorsken. Dei gjer nynorsken kjent som radiospråk og bruksspråk i ungdomsmiljø. Det kan ha som verknad at andre ungdommar blir meir frimodige til å halde på skriftspråket sitt, det kan motverke fordommar, og det kan gjere det lettare for bokmålsungdom å betre kompetansen sin og resultata sine i norsk som fag, seier Dahle.

– Ingvill Tandstad vil at nynorsk skal vere eit nasjonalt språk, og ho nyttar det som journalist og programleiar i NRK Østlandssendingen. Det blir ikkje upåtalt, men ho let usaklege tilbakemeldingar vere det dei er. For sin konsekvente nynorskbruk har ho svært fortent fått Alf Helleviks mediemålpris. Lat meg også ta med den siste prisvinnaren som enno ikkje har fått prisen sin. Prisen vil bli delt ut under Dei Nynorske Festspela i år. 22 år gamle Ronny Brede Aase får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009. Han er ein sprek og særeigen språksjonglør som har arbeidd som platepratar i NRK P3 i snart to år og har merkt seg ut som nynorsk- og dialektbrukar i radioen og som bloggskrivar i ungdomskanalen, seier Dahle.

Landstinget til LNK starta opp i dag i Loen.

Satsar på nynorsk nettavis

0

Prosjektet ”Ung til sinns- på Nett” er ei nettsatsing på nyheiter med fokus på kultur, ungdom og regionalt stoff. Målgruppa er ungdom og folk som er ”unge til sinns”.