Heim Blogg Side 36

Auka bruk av ordbøker på mobilen

0

Kvart tredje av 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fjor vart gjort i mobilappen Ordbøkene. Appen vart lansert hausten 2017 og har slått godt at på kort tid, opplyser Språkrådet.

Strand får Preikestolen

0

Kommunaldepartementet har vurdert klagen frå kommunane Forsand og Sandnes om kva kommune fjellikonet Preikestolen skal høyre til. Preikestolen skal liggje i Strand kommune, slik departementet tidlegare har vedteke.

Språkpris til «Der ingen skulle tru»-programleiar

0

Arve Uglum, som er programleiar for NRK-suksessen «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», får pris for språkbruken sin.

Stadig fleire kommunar får økonomisk fridomI

0

Rekordmange kommunar har full styring på eigen økonomi. Det er berre 17 kommunar på den såkalla Robek-lista.

Saknar språkpolitikk for kvardagane

0
– Dei fire regjeringspartia ser språkmangfaldet i Noreg, men følgjer ikkje opp med konkrete tiltak for å gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark.

400.000 kroner i tilskot til nynorsk barnebokfestival

0
Barnebokfestivalen Falturiltu på Stord har fått 400.000 kroner i tilskot til drift for 2019 frå Hordaland fylkeskommune.

Linda Eide er Årets hordalending

0
Forfattar og journalist Linda Eide er kåra til Årets hordalending 2018 av Hordaland fylkeskommune. Prisen er eit diplom og 50.000 kroner.

Storfylke på Vestlandet ikkje heilt utenkjeleg for Rogaland

0

Om få år kan Rogaland vere ein del av det nye Vestland fylke, meiner fylkesordførar i Rogaland Solveig Tengesdal (KrF). Ho blei lokka av fleire på nyttårsmøtet til Hordaland fylkeskommune, fortel Bergens Tidende.

SV vil gi Posten nye oppgåver for å sikre postombering

0

SV vil gi Posten nye oppgåver for å hindre redusering i postomberinga. Levering av daglegvarer, medisinar og tilsyn av eldre kan vere aktuelt.

Fylkessamanslåinga: – Staten kan ikkje be om å sleppe å følge si eiga lov

0
Når Vestfold og Telemark blir slegne saman, ønsker Fylkesmannen at målforma skal vere språknøytral. Dette strider mot mållova.

Det blir nynorsk tenestespråk i Vestfold og Telemark

0
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bestemt at det skal vere nynorsk som administrasjonsspråk i det nye fylket Vestfold og Telemark.

Preikestolen skal til Strand kommune

0

Kommunalministeren har ikkje tenkt å endre standpunkt i saka om kva kommune den ikoniske fjellformasjonen Preikestolen skal høyre til, og seier dette formelt er avgjort. Den populære turistattraksjonen skal liggje i Stand kommune frå 2020.