Heim Blogg Side 367

– Stopp spynorsk med kul nynorsk

0

Nynorsk er ofte eit lite populært fag i osloskulane. Litteraturpedagog Hanne Kiil ved Norsk Barnebokinstitutt trur moderne nynorsk ungdomslitteratur kan retta på inntrykket.

Foto: Margunn Sundfjord/NPK
GØY PÅ GRAN: – Eit besøk av forfattaren Ingelin Røssland vekte interessa for å lesa nynorske bøker hos elevane på Gran ungdomsskole, fortel lærar Jakob Sæthre (t.h.) Her i samtale med kursleiarane Kjersti Lersbryggen Mørk, Hanne Kiil og skulebibliotekar Knut Einar Sundlisæter.
Foto: Margunn Sundfjord / NPK
– Nynorsken blir ofte presentert litt gammalmodig i Ivar Aasens ånd. Ved å bruka moderne nynorske tekstar som fengjer, slepp ein fordommane til elevane og stemplinga av nynorsk som spynorsk og nynorskordlista som nynorskmordliste, seier Kiil.

Ho meiner den nye nynorske ungdomslitteraturen har mykje å by på for unge lesarar.

– Læraren bør ha kjennskap til denne litteraturen slik at bøkene kan brukast meir aktivt i undervisninga, seier ho.

Etter initiativ frå Utdanningsetaten i Oslo heldt ho saman med kollega Kjersti Lersbryggen Mørk nyleg kurs for lærarar og skulebibliotekarar i Oslo og omegn om nyare nynorsk ungdomslitteratur.

– Haldningar viktig
Sjølv om kurset var gratis, var det berre ti lærarar og skulebibliotekarar som hadde meldt seg på.

Hanne Kiil meiner haldningane lærarane har til nynorsk er svært viktige for korleis elevane oppfattar faget. Ho har sjølv jobba som lærar i Oslo.

– Eg trur noko av kluet for å få nynorsk inn i osloskulane er å ta i bruk nynorske tekstar utan å problematisera det. Fordelen er at det finst veldig mange gode tekstar å ta av. Det er ikkje utan grunn at dei nynorske ungdomsbøkene vinn mange prisar, seier Kiil og oppmodar om å sjå etter prislønte ungdomsbøker på nynorsk.

Gode røynsler med Røssland
Ein av deltakarane, Jakob Sæthre frå Gran ungdomsskole på Hadeland, kan skriva under på at moderne nynorske forfattarar kan endra negative haldningar til nynorsk.

– Gjennom Den kulturelle skulesekken fekk vi besøk av forfattaren Ingelin Røssland. Ho skriv friskt og kult og gjorde vanvittig mykje med leselysta til elevane. Etter besøket hennar var det ikkje noko vanskeleg å få elevane til å lesa nynorsk, seier Sæthre. Berre ein finn bøker som treff ungdom, spelar det inga rolle om bøkene er på nynorsk eller bokmål, meiner han.
Røssland har vunne fleire prisar for bøkene sine. Mellom anna vart boka hennar Handgranateple kåra til den beste ungdomsboka i 2006 av ein eigen ungdomsjury.

Saknar fleire nynorskbøker
Skulebibliotekar Knut Einar Sundlisæter ved Skøyenåsen skole i Oslo stadfester at bøkene til Ingelin Røssland fengjer ungdom også i storbyen.

– Ei bok som Handgranateple er mellom dei nynorskbøkene som er sjølvgåande, seier han. Skulebibliotekaren skulle gjerne sett at elevane på ungdomstrinnet hadde endå fleire nynorske bøker å velja mellom.

– Utvalet er veldig avgrensa. Mange av bøkene blir enten for barnslege både når det gjeld omslag og innhald og passar betre for mellomtrinnet, eller dei blir for tjukke og omfattande og passar betre for elevar i vidaregåande, seier Sundlisæter. Særleg ønskjer han seg fleire lettlesne bøker på nynorsk for elevar på ungdomstrinnet. (©NPK)

Skular og symjeanlegg får meir pengar

0

Regjeringa innfører no ei ordning kor staten betalar rentene viss kommunane og fylkeskommunane låner pengar til investering og rehabilitering av skular og symjeanlegg.

– Elevar og lærarar har krav på eit godt fysisk arbeidsmiljø som gir gode vilkår for undervisninga. Derfor føreslår vi ei ny satsing på skulebygg og symjeanlegg, seier statsminister Jens Stoltenberg i ei pressemelding.

Investeringsramma for kommunane og fylkeskommunane blir på 15 millionar over åtte år. Ordninga med renstestøtte skal forvaltas gjennom Husbanken.

Heile pressemeldinga her.

Færre asylsøkjarar etter innstramming

0

Talet på nye asylsøkjarar har gått markert ned sidan regjeringa varsla ei innstramming i asylpolitikken.

I førre veke registrerte politiet 295 nye asylsøkjarar, ein nedgang på meir enn 30 prosent dei siste fire vekene.

Arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen (Ap), trur dei varsla tiltaka har fungert.

– Det ser ut som tiltaka har verka, men vi må gå nærare inn i tala og la det gå noko meir tid før vi kan seia noko sikkert, seier ministeren til NRK. (NPK)

Nynorske barn blir oversett

0

Barn med nynorsk som morsmål blir oversett, meiner Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum. Han meiner barnehagane må ta meir ansvar for å lese nynorske bøker og synge nynorske sangar, skriv Utdanning.

Sjølv i område kor barna har nynorsk som hovudspråk, får dei som regel høyre bokmål når dei blir lest for i barnehagen. Dette dokumenterer Ottar Grepstad gjennom å vise til fleire kjelder i sin årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Talen i år, som er den åttande i rekkja, handla om dei språklege oppvekstvilkåra for barn under skulepliktig alder, kjem det fram i bladet Utdanning. 

Dersom dei vaksne vel å lese ei nynorsk bok, omset dei som regel språket til bokmål mens dei les. Grepstad meiner det skyldast ei misforståing om at barna ikkje forstår nynorsk.

Les meir i Utdanning

Vinje språkvaskar Grunnlova

0

Språkprofessor Finn-Erik Vinje har modernisert språket i Grunnlova, skriv Nationen.

Søgnedag. Erholde. Fornøden. Stetse. Gammalmodige ord i ei viktig lov, sjølvaste Grunnlova. No har språkprofessor Finn-Erik Vinje bytt dei ut og modernisert språket, utan å gjere endringar i innhaldet.

– Eg har gjort ei språkleg ansiktslyfting, slik at Grunnlova kan lesast utan spesialkunnskapar av filologisk art. Teksten fortonar seg i dag som alderdommeleg og til dels ugjennomtrengjeleg. Men det er ikkje gjort nokon realitetsendringar i innhaldet. Her har eg vore yttarst varsam, seier Vinje til Nationen.

Ventar færre i fiskeindustrien

0

Delar av norsk fiskeindustri er halvert sidan år 2000. Fallet vil halde fram, meiner forskar.

I fjor var det 10.400 sysselsette i fiskeindustrien. Det er 4.000 færre enn i 2002. Etter ein vekst i sysselsetjinga frå starten på 1990-talet, har pilene dei siste åra peika nedover. Mellom anna er filetindustrien meir enn halvert sidan år 2000, skriv forskning.no.

Frå 2000 gjekk talet på sysselsette fort ned, medan det har flata ut dei siste åra. Men forskar Bjørn Inge Bendiksen i Nofirma trur ikkje utflatinga vil vare.

– På kort sikt vil meir produksjon bli flytta til utlandet, og auken i oppdrettsnæringa og andre industriar vil ikkje vege opp for dette, seier han.

Produksjonen av oppdrettslaks og aure auka i fjor. Også sild og makrell auka, og det har aldri blitt produsert meir klippfisk i Noreg enn i fjor. Dette veg opp for noko av fallet i annan fiskeindustri.

Fiskeindustrien i Noreg er sterkt påverka av at lønnsnivået her til lands er høgare enn land vi konkurrerer med. (©NPK)

Misnøgde med nynorsk i salmebok

0

Noregs Mållag er ikkje nøgd med at den nye salmeboka har færre nynorske salmar enn før.

Tidlegare var 40 prosent av salmane i Norsk salmebok på nynorsk. I den nye utgåva er nynorskandelen nede i 35 prosent. Leiar i mållaget, Hege Myklebust, kallar nynorskkuttet for hårreisande og håplaust, ifølgje papiravisa Vårt Land.

Ber om fritak i Vest-Agder

0

Vest-Agder fylkeskommune ønskjer å innføre valfri sidemålsundervisning.

Fylkeskommunen skal no søke Utdanningsdirektoratet om eit treårig forsøksprosjekt der elevane blir gitt tilbod om valfri skriftleg sidemålsundervisning, melder NRK Sørlandet.

Prosjektet skal gjennomførast i regi av forskningsmiljø, stat og kommune, skule og elevar, og det skal leggjast til rette for at dei elevane som ønskjer sidemålsundervisning skal få eit fullgodt tilbod.

Utdanningsdirketoratet har tidlegare i år presisert at det ikkje vil bli gitt fleire løyve til fritak eller valfritt sidemål.

5 millionar til bygdebutikkar

0

Så mange som 108 bygdebutikkar får utviklingstilskot gjennom Merkur-programmet for å sikre betre lønsemd og oppretthalde eit viktig tenestetilbod i eit område med lågt folketal.
Pengane kjem frå Kommunal- og regionaldepartementet, og er ei anerkjenning av kor viktig nærbutikken er for dei minste lokalsamfunna.

Målgruppa for dette tilskotet er dei butikkane som har særs mykje å seie for busetnaden og er naudsynte for at tenestetilbod vert oppretthalde i bygda.

Løyvinga i 2008 er på 5 millionar kroner og gjeld for daglegvarebutikkar i utkantstrok som har lang avstand til næraste innkjøpsalternativ og eit spinkelt kundegrunnlag.

Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for bygdebutikkar, og er ein del av Kommunal- og regionaldepartementet si småsamfunnsatsing. (NPK)

Ja til to eksamensdagar i norsk

0

Noregs Mållag er godt nøgd med at Utdanningsdirektoratet tilrår å gjeninnføre den tidlegare eksamensordninga i 10. klasse, heiter det i ei pressemelding.
Ordninga hadde to separate eksamensdagar for hovudmål og sidemål.

Det er viktig at elevane får god opplæring og evaluering i både hovudmålet og sidemålet. Ordninga med ein felles eksamensdag har fått kritikk frå lærarar, elevar og fagfolk, og det er gledeleg at Utdanningsdirektoratet har høyrt på denne kritikken. No oppmodar Noregs Mållag kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell til å følgje Utdanningsdirektoratet.

– Med bakgrunn i det som er framlagt, er vi sikre på at både Kunnskapsdepartementet og Stortinget vil gå tilbake til eksamensordninga med to separate eksamensdagar, seier Håvard B. Øvregård, nestleiar i Noregs Mållag.

– Tvilsam effekt av vegbygging i distrikta

0

Vegforskar og økonom meiner dei positive verknadene av å byggja vegar i distrikta er sterkt overvurderte.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) vil kanalisera fleire vegpengar til distrikta. Det er ikkje utan vidare lurt, åtvarar forskaren.

– Mykje av bakgrunnen for at Navarsete ønskjer å flytta pengebruken frå Austlandet til andre deler av landet, er at ho har ei førestelling om at veginvesteringar betyr veldig mykje for næringsutviklinga i distrikta. Men samanhengen mellom vegutbygging og regional utvikling er usikker, seier trafikkforskar og økonom ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Steinar Johansen, til Aftenposten.

Han viser til nordiske analysar som konkluderer med at vegutbygging i grisgrendte strøk i fleire tilfelle har ført til fråflytting.

Eit velkjent argument seier at nye vegar, bruer og tunnelar vil redusera transportkostnadene, og gjera eksportnæringar i distrikta meir konkurransedyktige. Forskaren peikar på at det ofte er snakk om marginale innsparingar, fordi transportkostnadene utgjer ein relativt liten del av dei totale produksjonskostnadene til bedriftene.

Men Navarsete blæs av reknestykket.

– Eg vel å lytta til næringslivet, dei som kjenner dette på kroppen. Møbelprodusenten på Sunnmøre og fiskeforhandlaren i Nord-Noreg seier noko anna. Forskaren er for meg irrelevant, seier samferdsleministeren. (©NPK)

Kvinnedelen i kommunestyra auka to prosent

0

Sidan 2003 har talet på kvinner i kommunestyra auka med 1,9 prosent. Til saman er det no 37,4 prosent kvinner i kommunestyra. Det er framleis for lite, meiner kommunalminister Åslaug Haga.

Tala går fram av ein oversikt frå likestillings– og diskrimineringsombodet. Kommunal– og regionalminister Åslaug Haga er glad for framgangen, men synest framleis det er for få kvinner lokalpolitikken.

– Eg er glad for at kvinnedelen i kommunestyra har auka, men eg er ikkje nøgd med at det berre er 37,4 prosent kvinnelege kommunestyrerepresentantar, seier kommunal– og regionalminister Åslaug Haga.

Ho vurderer no å setja i gang tiltak for å sikra at fleire kvinner blir i lokalpolitikken. Mellom anna vil ho greia ut om det bør innførast reglar for kor mange menn og kvinner det skal vera på listene ved lokalval.

– Eg har tidlegare sagt at eg vil vurdera om vi skal innføra krav til betre kjønnsmessig balanse på listeforlag ved lokalval. Eg vil no sjå om dette kan vera aktuelt for å få opp talet på kvinner endå meir, seier Haga. Ho understrekar at det er viktig at dei som skal fatta avgjerder på vegner av innbyggjarane i størst mogleg grad avspeglar gjennomsnittet blant folk både når det gjeld alder og kjønn.

Dei neste fire åra skal departementet bruka 20 millionar kroner for å få fleire kvinner til å bli aktive i lokalpolitikken. Alle kommunane i heile landet vart tidlegare i år inviterte til å koma med idear. Departementet har no plukka ut 22 kommunar som får støtte til å testa ut ulike tiltak som skal gjera det meir attraktivt for kvinner å engasjera seg politisk. Kommunane er spreidde over heile landet frå Alta i nord og sørover. (NPK)