Heim Blogg Side 368

Vil oppretta gründerlinje i Måløy

0

Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane meiner det bør opprettast ei linje for industrigründerar i Måløy.

Gründerutdanninga er tenkt som eit tilbod til unge talent som har anlegg for å produsera ting og driva verksemder, fortel NRK Sogn og Fjordane. Tanken er at utdanninga skal vera eit samarbeid mellom industrien i kommunen og fylkeskommunen og tilby ein kombinasjon av praktisk og teoretisk opplæring.

Alfred Bjørlo i Måløy vekst viser til at både Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag alt har eit slikt tilbod.
– Når ein får det til der, må vi klara det også, seier han.

Undervisningsutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal avgjera om det blir oppretta ei slik linje i Måløy eller ikkje. (©NPK)

Kommunane slurvar med innkjøpsutlysing

0

Opptil 60 prosent av kommunale innkjøp på over ein halv million kroner blir ikkje lyste ut slik dei skal, viser reknestykke som er gjort ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Så mange som 29 kommunar hadde over ein toårsperiode ikkje ei einaste kunngjering på databasen for offentlege innkjøp Doffin, går det fram av ei utgreiing som professor Luitzen de Boer og postdoktor Ottar Michelsen ved NTNU har gjort på oppdrag for NHO. Dei to har studert bruken av Doffin før og etter den nasjonale terskelverdien for utlysing av offentlege innkjøp vart heva til EU-nivået på 500.000 kroner i september 2005, frå tidlegare 200.000 kroner.

I seks av ti kommunar gjekk talet på utlysingar ned etter terskelhevinga. Ein av fire hadde ein auke, medan ein av seks hadde like mange utlysingar som før. Utlysingstalet gjekk i snitt ned med 2,2 per kommune, og med 4,6 når dei minste kommunane er trekte ifrå.

– Ei så stor spreiing indikerer at det er lite truleg at alle kommunane følgjer regelverket, skriv forskarane i rapporten sin. Dei peikar på at Riksrevisjonen i 2006-revisjonen avdekte at statlege etatar i svært mange tilfelle bryt innkjøpsregelverket.

– Det er ingen grunn til å tru at situasjonen er vesentleg betre i kommunar og fylkeskommunar der kompetansenivået sannsynlegvis ikkje er høgare enn i dei statlege etatane, konkluderer forskarane.

Etter reknestykka til de Boer og Michelsen blir mellom 30 og 60 prosent av innkjøpa som kommunane etter regelverket skal lyse ut, ikkje offentleggjorde. (©NPK)

Facebook på nynorsk

0

Facebook har nyss fått norsk drakt. No jobbast det og med å få til ein nynorsk versjon av nettsamfunnet.

Den nynorske tilpassinga føregår ved at brukarane sjølve førelsår nynorske omsetjingar og er med og stemmer fram omsetjingar dei meiner fortener å bli brukt.

Leiar i målungdommen. Jens Kihl, seier dette er eit viktig framsteg for ungdom som bruker nynorsk. Han fortel at nynorsk med dette blir mellom dei 35 første Facebook-språka i verda.

Får elevlister likeve

0

Sandnes Mållag får no lister over kva elevar som skal byrje på skulen til hausten. Listene skal dei bruke til å sende brev med inopformasjon om kva mål-tilbod elevane har.

Oppvekstutvalet i Sandnes kommune har tidlegare nekta å be Folkeregisteret gjere desse listene tilgjengelege for mållaget. Politikarane meiner skuleverket informerer godt nok om dei tilboda barna har.

Egil Alstad, leiar i Sandnes Mållag, meiner det at Folkeregisteret no sjølve har opna for at laget skal få utlevert listene er dokumentasjon på at kommunen har gjort feil vedtak tidlegare.

Kjelde: Stavanger Aftenblad

Vil ha felles valdag kvart fjerde år

0

Det kan bli felles valdag for både stortingsval og lokalval frå 2013. Framståande politikarar i Ap og Frp er samde om ei slik endring.

I dag er det separate stortingsval og lokalval anna kvart år. Ap-sekretær Martin Kolberg og Frp-nestformann Per Sandberg vil derimot samle alle vala samtidig kvart fjerde år. Om Kolberg og Sandberg vinn fram på partias landsmøte våren 2009, vil Ap og Frp sikre fleirtal for ei endring i neste stortingsperiode.

Ein egen vallovkommisjon greia ut om spørsmålet for to år sidan. Fleirtalet sa den gongen nei til felles valdag kvart fjerde år, med ei grunngjeving om at dette vil «medføre ei ytterlegare nasjonalisering» av lokalpolitikken. Eit stort mindretal hevda på den andre sidan at ein felles valdag vil styrke valdeltakinga og auke den politiske interessa. (©NPK)

Få kommunale tenester på nett

0

Berre 13 prosent av den kontakten innbyggjarane har med kommunen skjer via internett. Kommunane kunne spara store beløp ved å styrkje dei elektroniske tenestene sine.

Det viser ei undersøking analysebyrået Zapera har gjort for tidsskriftet Mandag morgen. Tilbakemeldingane frå kommunane viser at telefonen framleis er den suverent viktigaste reiskapen for kommunikasjon mellom innbyggjarane og kommunen.

Samtidig avslører undersøkinga mange svake sider ved fleire av dei tenestene som er tilgjengelege på nettet. Mange kommunar har blant anna lagt ut skjema på nett, utan effektive moglegheiter for å sende inn utfylte skjema elektronisk. Innbyggjarane må dermed skrive ut skjemaet, fylle det ut for hand, og sende det i posten til kommunen.

Ifølgje analysen kunne kommunane spara millionar på å styrkje dei elektroniske tenestene. Heile 90 prosent av arbeidet med enkelte oppgåver kunne vore fjerna.

Potensialet er størst innanfor pleie- og omsorgssektoren, men også automatisering av administrative tenester kan gje monalege innsparingar, meiner ekspertane. (©NPK)

Målpris til Kåre Lilleholt

0

Kåre Lilleholt, jusprofessor ved Universitetet i Oslo, er tildelt Juristmållaget sin målpris for 2008.
“Ei levande inspirasjonskjelde for jusstudentar som ønskjer å skriva nynorsk” heiter det i grunngjevinga.

Prisen vart delt ut av styreleiar Gunnar O. Hæreid og styremedlem Kaja Breivik Furuseth under ei markering på Institutt for privatrett ved Det juridiske fakultetet i Oslo.

– Eg kjenner det som ei ære å få denne prisen. Det er verdifullt at Juristmållaget på dette viset oppmuntrar juristar til å bruke nynorsk, slik laget også gjer med dei årlege seminara for jusstudentar frå Bergen og Oslo. Det er fleire som skriv juss på nynorsk i dag enn det har vore nokon gong før, og det lovar godt for framtida for nynorsk juridisk fagmål, sa prisvinnaren i ein kommentar til Uniforum.

(Kjelde: Noregs Mållag)

Gulen tilbake i LNK

0

Gulen kommune har meldt seg inn i LNK att.

Gulen ligg i Sogn og Fjordane, på grensa mot Hordaland.

– Jord er for mat – ikkje drivstoff

0

Årsmøtet i Norges Bygdekvinnelag krev at Regjeringa arbeider aktivt for at dyrka og dyrkbar jord blir brukt til matproduksjon, ikkje til dyrking av biodrivstoff – nasjonalt og globalt.

Årsmøtet ser positivt på at det blir forska på alternative drivstoffkjelder, men dette må ikkje gå på kostnad av matproduksjon der dei fattigaste blir dei som lir mest. Forskinga må rettast mot bruk av avfallsstoff til drivstoff, meiner bygdekvinnelaget.

Bygdekvinnene peikar på at produksjonen av biodrivstoff i all hovudsak alt blir styrt av multinasjonale selskap som har større interesse av å gjera profitt enn å skaffe mat til folk. For å fylle ein tank på ein etanoldriven personbil går det med 240 brød.

FN-toppmøtet om matvaretryggleik, biodrivstoff og klimaendringar har som mål å redusere talet på menneske som svelt i verda. Prognosar tilseier at talet på menneske som svelt vil auke heller enn å bli redusert i tida framover. Denne utviklinga må snuast – og den norske regjeringa må bidra i så måte, krev Norges Bygdekvinnelag. (©NPK)

Medietilsynet kritiserer NRK

0

NRK innfrir framleis ikkje kravet om minst 25 % nynorsk, og får refs av Medietilsynet.

I rapporten får NRK kritikk for ikkje å innfri kravet til program for barn på radio og for å bruke for lite nynorsk, skriv Nationen.

Kommunikasjonssjef i NRK, Sigurd Sandvin, tek sjølvkritikk.

– Ja, det er eit klart brot, der må me berre skjerpe oss. Det finnest ingen grunn til at me ikkje skal vere betre på nynorsk, seier Sandvin til NTB.

Les meir i Nationen

Les rapporten til Medietilsynet her.

Høyr på Windows

0

No kan du få Windows lest høgt for deg – på både nynorsk og bokmål, sjølvsagt.

Tysdag vart talesyntesen «LingSpeak Arne» lansert. «Arne» les all tekst i Windows høgt for brukaren.

Talesyntesen er utvikla av programvareselskapet LingIT og Microsoft og fungerar både på Windows xp og vista. Programvara er gratis.

Les heile saka på Digi.no.

Privatselskap får einerett på Peer Gynt-ord

0

Det private selskapet Peer Gynt AS på Vinstra i Gudbrandsdalen har fått einerett på orda Bøygen, Anitra, Juv og Verdensborgeren frå Henrik Ibsens Peer Gynt.
Selskapet har dermed einerett til å bruke desse orda som varemerke for varer og tenester registrert for dei. Selskapet kan også nekte konkurrentar å bruke de same merka, opplyser NRK.

Administrerande direktør Eli Blakstad i Peer Gynt AS ønskte opphavleg merkevarevern for enno fleire ord og omgrep frå Peer Gynt. Selskapet søkte om einerett på orda Bukkerittet, Ved Rondane, Peeropolis og Gyntiana, men enno er det altså bare Bøygen, Anitra, Juv og Verdensborgeren Peer Gynt AS har fått kommersiell kontroll over.

Orda kan framleis brukast fritt i kunstnarisk samanheng. Vinstra-selskapet eig berre orda som produktnamn. (©NPK)