Heim Blogg Side 370

NVE aukar småkraftfarten

0

NVE lovar olje- og energiministeren å skru opp farten på handsaminga av konsesjonssøknader for små kraftverk.

Olje- og energiminister Terje Riis Johansen vil ha fleire småkraftverk. No lovar direktør for konsesjons- og tilsynsavdelinga Rune Flatby å få opp farten. Men det skal ikkje gå så fort at det blir gjort dårlege vedtak.

– I sakshandsaminga er mykje styrt av lovverket. Det skal vere høyringar og synfaringar, og det tar tid, seier han til Nationen.

Riis-Johansen ser seg sjølv som forkjempar for utbygging av småkraftverk, og meiner auken i talet på søknader viser at ein er på rett veg.

NVE har tilsett fleire sakshandsamarar, noko som saman med ei kontinuerleg forbetring av sakshandsamingsprosessen skal korte ned ventetida for kraftverkutbyggjarane. (NPK)

– Bruk marknadsmakta

0

Fylkeskommunane må, ei eigenskap av å vere skuleeigarar, bruke marknadsmakta si slik at elevane får skulebøker til skulestart. Det seier Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Fylkeskommunane har ei passiv haldning og brukar ikkje sanksjonar i innkjøpsavtalane sine for å sikre at nynorskbøkene er ferdige ved skulestart, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

No krev både Noregs Mållag og Norsk Målungdom at fylkeskommunane tvingar forlaga til å produsere nynorskutgåver av skulebøker samstundes med bokmålsbøkene gjennom forpliktande avtalar.

– I år får fylkeskommunane 223 millionar kroner for å kjøpe inn lærebøker til elevane. Ingen andre kundar ville bruke slike summar utan å stille krav til seljaren, eller godta at vara har så store manglar, seier Jens Kihl.

Mållaget og Målungdommen får i dag støtte av Språkrådet. Rådet krev og at Utdanningsdirektoratet må skaffe seg oversikt over skuleboksituasjonen på eit mykje tidlegare tidspunkt.

Legg ned Kvinnebasen.no

0

Legg ned Kvinnebasen.no

Av LNK NYTT 18.aug.2008

Nettstaden Kvinnebasen.no vert lagt ned 1. september. Databasen har i ni år synleggjort leiar- og styrekompetanse hos kvinner.

Kvinnebasen.no blei opna 17. juni 1999, og har i åra som har gått hatt fleire tusen brukarar, både frå offentleg og privat sektor.

Kvinnebasen omfattar 3.500 kvinner og vert administrert av Nav, som i vår bad Arbeids- og inkluderingsdepartementet finne ein annan eigar. Departementet avgjorde i samråd med Barne- og likestillingsdepartementet, at basen skal leggjast ned, blant anna fordi det finst fleire andre basar som til ein viss grad dekkjer same behov.

Alle kvinner som er registrert i Kvinnebasen.no blir informert direkte om avviklinga. (©NPK)

Skal lære norsk med teikneseriar

0

Nynorsksenteret lanserer eigen nettstad med nynorske teikneseriar til bruk i norskfaget.

På nettstaden finst både ferdige teikneseriar og ressursar til å utvikle eigne seriar. Norske serieskaparar bidreg og med tips og råd til unge som har lyst til å byrje å teikne og skrive sjølv.

Lenke til nettstaden hjå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa finn du her.

Sigmund Skard-stipend til Edmund Austigard

0

Edmund Austigard er årets mottakar av Sigmund Skard-stipendet på 25.000 kroner som Det Norske Samlaget deler ut.

Stipendet skal gå til ein forfattar som har gitt ut minst ei bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra. Austigard får prisen for det som på mange vis teiknar å bli ein forfattarskap som både er frodig, original og svært humoristisk, meiner juryen.

Edmund Austigard debuterte i 2005 med kollektivromanen «Krinsereglane». Ei original bygdeskildring av livet i Årdal i Ryfylke i 1924. I fjor gav han ut bok nummer to, «Taxi for B. A. Beckström – eller kunsten å danse på furu». Her tek han den surrealistiske, samfunnskritiske satiren fleire hakk lenger. Vi følgjer den 92 år gamla hovudpersonen på si livs største reise, ein taxitur til ei døyande tante i Sverige.

Samlaget har delt ut Skard-stipendet sidan 1995 og vil markere den rolla Sigmund Skard har spelt for nynorsken og for forlaget. Han var knytt til forlaget det meste av livet, som forleggjar, styreformann og ikkje minst forfattar. (©NPK)

Seine nynorskbøker igjen

0

Lærebøker på nynorsk kjem ikkje tidsnok til skulestart i år heller, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Og i ein del av faga vil det ikkje komma nynorskbøker i det heile, seier bibliotikar ved Flora vidaregåande skule Liv Høynes Strømmen til avisa Firda.

Også sist skuleår skapte mangelen på nynorskpensum mykje frustrasjon. Fleire av dei vidaregåande skulane i fylket meiner politikarane no må løyve meir pengar slik at ein får bøker i begge målforme samtidig, melder NRK Sogn og Fjordane.

40.000 forstår ikkje læraren

0

Meir enn 40.000 barn i grunnskulen har for dårlege norskkunnskapar til å følgje vanleg undervisning. Kunnskapsdepartementet vil vite kvifor.

I fjor fekk 40.017 grunnskuleelevar særskilt opplæring i norsk. Det er 6,5 prosent av alle grunnskuleelevar i Noreg. No ønskjer styresmaktene å sjå nærare på årsakene til at så mange treng hjelp med norsken, skriv Aftenposten.

Kunnskapsdepartementet ønskjer at alle elevar skal få kartlagt sine språkkunnskapar, slik at ein kan finne ut om elevane faktisk treng spesialundervisning, og deretter når dei kan nok til å følgje ordinær undervisning.

I ei evaluering frå 2006 om korleis norsk som andrespråk bli praktisert i grunnskulen kom det fram at 30 prosent av grunnskulane ikkje hadde standardiserte prosedyrar for å kartleggje språkkunnskapar. I rapporten går det også fram at halvparten av elevane som får spesialundervisning, blir verande i denne gjennom heile skulegangen. (©NPK)

Kommunar betalar ut mindre sosialhjelp

0

Norske kommunar har spart over ein milliard sosialhjelpskroner på tre år. Utviklinga har samanheng med den gode arbeidsmarknaden.

Tre av fire kommunar har minska utgiftene sine til sosialhjelp sidan 2004. Samla sett er innsparingane på 1,1 milliard kroner i perioden 2004-2007, skriv Bergens Tidende.

Den gode arbeidsmarknaden er ein av årsakene til at utbetalingane ikkje er så store som før.

– Dessutan har det openbert blitt lettare å kome inn på langsiktige trygdeordningar, seier Tor G. Turøy hos Fylkesmannen i Hordaland til avisa.

På denne måten vert rekninga flytta frå kommunane til staten.

Bergen kommune er den største spararen av alle, og dei årlege utbetalingane er 100 millionar kroner mindre enn for fire år sidan. Samtidig får Fylkesmannen færre klager enn før. I Oslo er utbetalingane redusert med rundt 80 millionar kroner. (©NPK)

Sommarsnakk med Bente Riise

0

Redaktør i Syn og Segn, Bente Riise, håper på «full perestrojka» i kjølvatnet av språkmeldinga.
Namn: Bente Riise

Alder: 46

Jobbar med: Redaktør i det nynorske tidsskriftet Syn og Segn og leiar i Norsk Tidsskriftforening.

Bruker sommaren til: Flytteprosess, og det er utruleg å oppdage kor mykje ein samlar på av godt og gale. Fann nettopp igjen gamle papir frå den tida vi dreiv nærradioen Oslo Kringkastar, eit pionerprosjekt og ein boltreplass for nynorske mediespirar på åttitalet.

Kva for språk bruker pc-en din: Nynorsk. Eg nyttar også Google, Startsida og alt anna eg kjem over på nynorsk.

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Dialektane er kanskje vårt viktigaste språklege arvegods, og det er viktig å sleppe dei til på eteren, men ikkje slik at nynorsken blir skadelidande.

Dersom dialektane tek for mykje over for nynorsk, vil det føre til at nynorsk står svakare om nokre år. Eg trur det er viktig at nynorsk får ein sterkare posisjon i både NRK, TV2 og nærradioane. Dialektane står sterkt nok, trur eg.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Alle. Det er avgjerande at nynorsk blir brukt i all offentleg samtale og i alle samanhengar, og eg er spent på kva konsekvensar alle tiltaka som er varsla i Språkmeldinga kan få. Slik eg les meldinga, skal det no bli full perestrojka, noko eg håper inderleg at skjer.

Eg etterlyste ei slik melding for nokre år sidan, og vel no å vere optimist. Eg håper at norsk arbeidsliv, ikkje berre det offentlege, blir meir opptekne av språk, slik at nynorskbrukarar kan nytte språket sitt kvar som helst, og på alle område. Eg håper også at det i nynorsk-kommunane blir sett større fokus på at vaksne folk ikkje treng byte til bokmål, at det er viktig både for dei sjølve og samfunnet.

Dette har det ikkje vore så mykje snakk om, så det får vere min appell i dag.

Kvifor nynorsk: Eg har vakse opp med nynorsk, så eg har det både i ryggmargen, hovudet og hjartet. Det er ei kjelde til stadig rikdom, det er utfordrande og spanande å halde på med, og eg finn stadig nye gleder og skattar å hente. Eg låner Ottar Grepstad sine ord: Nynorsk er meir enn eit språk!

Sommarsnakk med Gunhild Berge Stang

0

Leiar i Noregs Ungdomslag har ein pc som ikkje vil lyde.

Namn: Gunhild Berge Stang

Alder:  34

Jobbar med: Leiar i Noregs Ungdomslag, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, men no for tida i svangerskapspermisjon

Bruker sommaren til: NU sin folkekulturfestival, samvær med familie og sjauing i hus og hage

Kva for språk bruker pc-en din: Bokmål, fordi eg ikkje får den til å lyde.

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: I alle fall ikkje dårleg

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Diverre må eg melde at eg syns nynorsken er for lite synleg i eige kjerneområde som Sogn og Fjordane. Fråfallet frå nynorsk som bruksspråk i dette fylket er skremmande stort, særleg på kysten. Det verste er at her lyt ein truleg til å tenkje nytt når det gjeld mottiltak. 

Kvifor nynorsk: For min del handlar nynorsk om identitet, både språkleg, kulturelt og politisk.

Framsidebilde frå www.ungdomslag.no.

Sommarsnakk med Magnhild Meltveit Kleppa

0

Nynorsken er ikkje berre eit språk, det er eit fellesgode, meiner kommunalministeren.
Namn: Magnhild Meltveit Kleppa

Alder: 59

Jobbar med: Politikk: Folkestyre og samfunnsutvikling. Rammer for gode lokale velferdstilbod og bustader til dei som ikkje har fire vegger å organisera livet sitt utifrå.

Bruker sommaren til: Hjelmeland er eit framifrå utgangspunkt når sola skin. Sjøliv, hagearbeid eller ein kjapp fjelltur. Inneliv med brødbaking og huslege syslar om regnet vert for tungt. Dyrka familie og vener, ta att samtalar og samver eg ikkje får til når pendlinga krev sitt.

Kva for språk bruker pc-en din: Den brukar bokmål og eg nynorsk!

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Bra, men med eit visst atterhald ! Nynorsk må høyrast, ikkje berre skrivast og lesast! NRK har eit ansvar for å gjera nynorsk munnleg kjent og normalisert!

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: På alle område : Privat og offentleg sektor, friviljuge lag og organisasjonar, nett og papir. Mange aviser bør syna større respekt for lesarane sine!

Kvifor nynorsk: Jon Fosse har skrive: «Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det som nedverdigande å skulle måtte argumentere for det». Eg er samd. Men nynorsk er noko meir enn språket mitt. Det er eit fellesgode, ein skriftkultur som i seg sjølv er tankevekkjande, eit uromoment som ein støtt må tenkja over. Meir enn før. Difor nynorsk!

Viktig melding:

0

Nordsjøkonferansen 2008 er dessverre avlyst.

For meir informasjon, send e-post til post@LNK.no.