Heim Blogg Side 374

Tove Lie til Samlaget

0

Tove Lie (44) er tilsett som ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget.

– Styret er svært nøgd med at Tove Lie har sagt ja til å etterfølgje Nina Refseth som forlagsdirektør i Det Norske Samlaget. Ho er ein erfaren leiar som er van med å jobbe i grenseland mellom børs og katedral, og har eit verdigrunnlag som passar svært godt i forhold til Samlaget. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med Tove Lie, seier styreleiar Siri Hatlen til forlagets eigne nettsider.

Tove Lie kjem frå Trysil og har jobba i Nationen i 12 år. Dei siste tre åra som ansvarleg redaktør og administrerande direktør.
Lie har lang og brei erfaring frå mediebransjen, mellom anna fagpresse, Klassekampen og Ny Tid. Ho har vore journalist, vaktsjef, redaksjonssjef og nyheitsredaktør. Lie har som redaktør i Nationen også blitt tildelt Nynorsk redaktørpris frå Mediemållaget.

Den nye forlagsdirektøren ser fram til nye arbeidsoppgåver.

– Samlaget har ei viktig samfunnsoppgåve, dyktige medarbeidarar og gode forfattarar, som alle brenn for gode bøker. Eg gleder meg til å jobbe i lag med dei alle saman. Eg har fått ein spennande og utfordrande jobb som eg ser fram til å ta fatt på, seier Tove Lie.

Reiseliv, mat og kultur for 75 milliardar

0

Dei tre sektorane reiseliv, lokal mat og kultur omset for mellom 55 og 75 milliardar kroner i året, og sørgjer for at mellom 75.000-100.000 personar har jobb i distrikts-Noreg.

– Potensialet er likevel endå større, seier forskingsleiar og fungerande direktør Egil Petter Stræte i Bygdeforsk til Nationen.
Bygdeforsk har for første gong sett på totalverdien av næringane reiseliv, lokal mat og kultur.

Stræte meiner at større og omfattande samarbeid mellom dei tre sektorane kan utløyse endå større verdiskaping enn det ein har i dag.

No er eit forskingsprosjekt i gang, som ser på korleis desse næringane kan dra større nytte av kvarandre. (©NPK)

Målet er 1000 medlemmer

0

Norsk Målungdom har sett seg som mål å nå 1000 teljande medlemmer innan sommarleiren i juli. Dette skal dei klare gjennom vervekampanjen Verv til tusen!
I mars vedtok landsmøtet til Norsk Målungdom på Voss å setje i gang ein vervekampanje for å få minst 1000 teljande medlemer før sommarleiren som byrjar 8. juli. No håpar dei ein intensiv kampanje skal gi resultat og fristar med vervepremiar som interrailbillett og gratis sommarleir.

Les meir om kampanjen her.

Mållaget krev meir nynorsk

0

Noregs Mållag krev reell språkleg jamstelling. Nynorsken må løftast fram.

Dette vert framheva i arbeidsprogrammet for Noregs Mållag for dei neste tre åra.

– Noregs Mållag ynskjer å påverka individuelle og kollektive val som fører til auka bruk av nynorsk i heile landet: Målet er fleire nynorskbrukarar, fleire målfolk og fleire som er glade i nynorsken, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Mållaget vil òg at ungane skal møta nynorsken tidlegare enn i dag. Dei som har bokmål som hovudmål, må møta og bruka nynorsk frå dei er ni-ti år gamle – då vil dei læra nynorsk betre og vil bli reelt tospråklege, i tråd med norsk språkpolitikk.

– Me vil peika på at røynslene med nynorsk sidemål er særskilt relevante i ei tid når det fleirkulturelle speglar eit vesentleg større mangfald enn berre nynorsk og bokmål, seier Hege Myklebust.

Landsmøtet attvalde Hege Myklebust (38) som leiar. Ho bur på Stord og er høgskulelektor. Håvard Bjørkedal Øvregård (33) er nyvald nestleiar. Han er leiar i Kringkastingsringen, har vore aktiv innanfor Høgre og er i dag tilsett som prosjektleiar i Norges Idrettsforbund.

Det nye styret ser slik ut; Bente Riise, Oslo; Olav Kuvås, Skaun; Jon Todal, Kautokeino og Aud Søyland, Valdres. Jens Kihl er vald inn frå Norsk Målungdom. Varafolk er Gudrun Kløve Juuhl, Oslo; Håkon Steinar Giil, Hyllestad; Reza Rezaee, Oslo og Marit Aakre Tennø, Luster. NPK)

Lovar tiltak for skulebøker

0

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell krev at både fylkeskommunar og forlag følgjer opp forpliktingane sine for å få skulebøkene på plass i tide til hausten.

Solhjell informerte fredag landsmøtet til Noregs Mållag om korleis departementet har pålagt både forlag og fylkeskommunar å følgje opp at skulebøker kjem i parallellutgåver til same tid og til same pris.

Fylkeskommunane har plikt til å krevje skulebøker både på nynorsk og bokmål til skulane i sine fylke, men rapportar frå april syner at mange av fylkeskommunane ikkje har krevd dette av forlaga. Dette er heilt uakseptabelt, meinte kunnskapsministeren og sa at fylkeskommunane må avlegge ny rapport i september.

I tillegg ønskjer departementet at elevorganisasjonane i kvart fylke rapporterer inn korleis stoda er på skulebokfronten til hasuten.

Kunnskapsministeren nytta og høvet til å minne om at dei same krava til paralellutgåver også gjeld for digitale læremiddel.

Vil framleis mangle skulebøker

0

Det kan gå mot ein ny haust med manglande nynorske skulebøker for elevar i vidaregåande skule. Kunnskapsministeren meiner det ikkje er snakk om diskriminering av nynorskelevar.

Det er rapportar frå forlaga og fylkeskommunane som gir grunnlag for ei tru på at skuleboksituasjonen ikkje vil bli betre for nynorskelevar hausten 2008, melder NTB i dag.

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell vegrar seg for å kalle det ei diskriminering av nynorskelevar, men seier det handlar om eit manglande engasjement for å få gitt ut nynorskbøker.

Somme forlag lar vere å lage nynorskutgåver av læremiddel, og somme fylkeskommunar vedgår at dei ikkje kontrollerar at det blir laga parallellutgåver av skulebøkene.

Kjelde: VG

Målpris til Per Gynt-stemnet

0

Per Gynt – stemnet på Vinstra er tildelt Pris for offentleg målbruk 2007 frå LNK.

Variert Vågåseminar

0

Vågå kommune og LNK er stolte over å kunne presentera eit variert og spennande program til Vågåseminaret.

Sommarsnakk med Kari Traa

0

Sist ute i sommarsnakken i år er idrettskvinna Kari Traa. Ho har mellom anna ein nettbutikk som kommuniserer med kundene på nynorsk.

Namn: Kari traa

Alder: 33 år

Jobbar med: Marknadsføring og design i mitt eige firma. Kari Traa AS

Bruker sommaren til: Trenar mitt eige jentelag i kulekøyring (KT-skilag), hoppar fallskjerm, er med vener og familie og sjølvsagt litt jobbing.

Kva for språk bruker pc-n din: Diverre bokmål : (

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Det tykkjer eg er veldig bra! Det er mykje meir dialekt i NRK no enn tidligare. Det gjer at austlendingane forstår oss dialektknotarar betre.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: I reklame og i dei store avisene. I nynorskundervisninga i skulen bør det vera eit breiare nynorsk utvalg av spanande ungdomsbøker/lesestoff

Kvifor nynorsk: Nynorsk er naturlig for meg og ligg nærast min eigen dialekt. Eg er ikkje ein fanatisk nynorskforkjempar, men eg tykkjer det er viktig at me som ynskjer å halda på nynorsk ikkje skal verta pressa til å nytta bokmål.Sommarsnakk med Kari Traa

Av LNK NYTT 15.aug.2007

Sist ute i sommarsnakken i år er idrettskvinna Kari Traa. Ho har mellom anna ein nettbutikk som kommuniserer med kundene på nynorsk.

Namn: Kari traa

Alder: 33 år

Jobbar med: Marknadsføring og design i mitt eige firma. Kari Traa AS

Bruker sommaren til: Trenar mitt eige jentelag i kulekøyring (KT-skilag), hoppar fallskjerm, er med vener og familie og sjølvsagt litt jobbing.

Kva for språk bruker pc-n din: Diverre bokmål : (

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Det tykkjer eg er veldig bra! Det er mykje meir dialekt i NRK no enn tidligare. Det gjer at austlendingane forstår oss dialektknotarar betre.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: I reklame og i dei store avisene. I nynorskundervisninga i skulen bør det vera eit breiare nynorsk utvalg av spanande ungdomsbøker/lesestoff

Kvifor nynorsk: Nynorsk er naturlig for meg og ligg nærast min eigen dialekt. Eg er ikkje ein fanatisk nynorskforkjempar, men eg tykkjer det er viktig at me som ynskjer å halda på nynorsk ikkje skal verta pressa til å nytta bokmål.

Sommarsnakk med Oddvar Grøthe

0

Hemsedal kommune har nyss vedteke ein nynorsk målbruksplan. Kva meiner så ordføraren i Hemsedal om dette språket?

Namn: Oddvar Grøthe

Alder: 55

Jobbar som: Ordførar i Hemsedal. Eg har heile mitt vaksne liv vore bonde og tømmrar. Har drive med mjølkekyr, er no del av ei samdrift.

Bruker sommaren til: Sommaren er ein kombinasjon mellom lesing av tidskrifter og bøker og putling med diverse arbeid på gard og støl. Denne sommaren har regnet redusert utetida ein del.

Kva for språk bruker pc-n din: PCèn min har bokmål som sitt språk. Det blir derfor ein vane å sjå mykje raudt under ord når eg skriv. Eg er vel ingen fanatisk stivbeint nynorskmann, det er nok ein del dialekttilpassningar i skriftspråket mitt. Eg er nordmann som bur i Norge og ikkje i Noreg.

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Eg synest dialektbruk i NRK og andre etermedia er positivt. Det er med på gje dei unge mot til å ta vare på dialekta si, og dermed ta vare på mangfaldet.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Nynorsken kunne vore meir synleg i markedsføring av reiselivsprodukt. Her ser eg stor skilnad på t.d. Hemsedal og Beitostølen. I Hemsedal er det bokmål med engelske nemningar som er brukt, medan Beitostølen er stolt av og har nynorsk/valdresmålet som sitt varemerke. Det må leggjast meir vekt på at språket er kultur på lik linje med mat og drikke.  Dette kunne vera ei sak for Noregs Mållag no når» heile Norge» skal livnære seg på reiseliv.

Kvifor nynorsk: Nynorsk er kultur og tradisjon på lik linje med mat, dans og spel. Nynorsk er eit naturleg skriftmål for meg. Hemsedalsdialekta ligg nær opp til det nynorske skriftspråket. Me har kløyvd infinitiv, fleirtalsbøying av verb og 4 kasus for substantiv. Dette er det nok berre den eldre garde som brukar no, diverre.

Nynorsken er såleis noko som tek vare på den språklege identitenten vår, sjølv om talet på dei som har «bymål» som talemål er aukande.

Framsidebilde: Frå Hemsedal kommune sine heimesider.

Sommarsnakk med Geir Gråbein Nordby

0

Bandet Rammsund har gjort suksess med å omsetje og framføre det tyske metalbandet Rammstein sitt materiale på nynorsk. Vi har snakka med vokalist Gråbein.

Namn: Geir Gråbein Nordby

Alder: 29

Jobbar som: Musikkredaktør og journalist for bladet Lyd & Bilde

Bruker sommaren til: Hovefestivalen, Roskilde, spelte sjølv på Helgåfestivalen på Jæren. Skal ein tur til Ørsta (kjærasten er derfrå). Så blir det å slappe av resten av ferien.

Kva for språk bruker pc-n din: Engelsk

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Bra. Vi treng å byggje opp ei forståing for dialektar frå barndommen. Det blir for dumt om ein ikkje forstår menneske frå sitt eige land. Eg har ikkje inntrykk av at dette har vore noko problem til no, men vi kan stadig bli betre. Eg vil og gjerne leggje til at sidemål i grunnskulen er viktig, fordi ein må tenkje meir over gramatikken, sunt for hjernen å få trimma seg på det logiske planet. Den som meistrar logisk tenking, har eit friare sinn.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Det er i alle fall veldig irriterande at den norske versjonen av Microsoft Office ikkje har nynorsk ordliste som standard. Eg synest heller ikkje det hadde skada om dialekttalande journalistar i VG og Dagbladet hadde halde seg til nynorsk. Det er ingen grunn til at ikkje bokmål og nynorsk skal leve side om side i sjølv dei største mediakanalane.

Kvifor nynorsk: For Rammsund sin del fungerar nynorsk mykje betre enn bokmål. Når vi set om Rammstein sine tekstar frå tysk til norsk, bevarer vi ein større del av klangen i språket ved å bruke nynorsk. Dessutan har det vore veldig spennande å ta opp igjen nynorsken så mange år etter den videregåande skulen. Det er kanskje ikkje så viktig å meistre båe skriftspråka, men det gjer livet bittelitt meir interessant. Å skrive på nynorsk er for meg hjernetrim a’la Sudoku og kryssord. Det er straks artigare når ein gjer det av eigen fri vilje, enn når ein får oppgåver som er like inkjeseiande som dei er obligatoriske på skulen.

Framsidebilde: Greger Stolt Nilsen/Rammsund

Sommarsnakk med Per Egil Hegge

0

Forfattar og språkrøktar Per Egil Hegge frå Aftenposten svarar på språkspørsmåla våre denne gongen.

Namn: Per Egil Hegge

Alder: 67

Jobbar som: Pensjonist

Bruker sommaren til: Å halde kjøkenet, hagen og vedskjulet på hytta i Danmark nokolunde ryddig, og rydde litt i eit par bokmanuskript som kjem i haust.

Kva for språk bruker pc-en din: Konservativt bokmål/riksmål.

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Dårleg, fordi så mange trur at dei ikkje treng arbeide med språket når dei brukar dialekt.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Nynorskfolk likar ikkje å høyre slikt, men for mange av dei som ikkje bruker og ikkje likar nynorsk, fungerer språket som eit sterkt irritasjonsmoment. Sett frå den synsstaden er nynorsken synleg nok.

Kvifor nynorsk: Fordi det er naturleg for den som bruker det.