Heim Nyhende Asylmottak i 129 kommunar

Asylmottak i 129 kommunar

Ved utgangen av 2009 var det eitt eller fleire asylmottak i 129 av dei 430 kommunane her i landet.

Det viser UDIs årsrapport for 2009. 16 av dei 129 kommunane dreiv mottaket sjølv, medan resten var vertskommunar for mottak som vart drivne av private aktørar eller frivillige organisasjonar.

Av dei 17.200 menneske som søkte om asyl i Noreg i 2009, fekk 4.500 opphald. Dette utgjorde 42 prosent av alle sakene som UDI realitetsbehandla.

Om lag 2.500 ungdommar som sa at dei var under 18 år, kom til Noreg og søkte asyl utan å ha følgje med foreldre eller andre med foreldreansvar. Dette var ein auke på 76 prosent frå 2008. 840 av ungdommane fekk opphald i fjor.

I tillegg tok Noreg imot 1.110 overføringsflyktningar i 2009. Over halvparten av dei var kvinner. Overføringsflyktningar er flyktningar som ikkje kan vende tilbake til heimlandet, og som ikkje kan få opphald i det landet der dei er flyktningar. Nokre av dei kjem til Noreg etter eit organisert uttak. Dei fleste blir tekne ut i samarbeid med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

I alt 1.020 personar returnerte frivillig i 2009. Det er 79 prosent fleire enn i 2008. I overkant av 3.300 personar vart sende med tvang til heimlandet i 2009. Dette er 44 prosent fleire enn året før. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...