Heim Nyhende Vil ha færre kommunar

Vil ha færre kommunar

– Eg trur tida er overmoden for å gjere noko med kommunestrukturen, seier ordførar i Nord-Fron, Tove Haugli (Ap).

Hadde det vore opp til ordførar Tove Haugli, hadde me hatt betrakteleg færre kommunar enn me har i dag. I dag blir kommunegrensene noko kunstige, slår ho fast. Nord-Fron ligg i Midt-Gudbrandsdal, om lag åtte mil frå Lillehammer, og samarbeider tett med fleire av nabokommunane.

– Mykje har endra seg i samfunnet sidan den kommunestrukturen me har i dag, vart nedteikna. Kor mange er det som blant anna er innom offentlege kontor i dag? Det meste går jo elektronisk, seier Haugli.

Ho meiner det ville vore positivt med større og meir robuste kommunar, ikkje minst i ute i distrikta.

– Å rekruttere dyktige fagfolk er til dømes ei utfordring for små kommunar, folk søkjer til større fagmiljø. Me må også konkurrere med det private næringslivet om å få tak i dei beste innafor enkelte fag. Så langt har det vore bra i Nord-Fron, me har fått tak i dyktige folk. Men me ser jo at det ikkje alltid er like mange søkjarar.

Ordførar Tove Haugli viser til at folketalsutviklinga er ein av dei største utfordringane framover for Nord-Fron. Som i så mange andre liknande distriktskommunar er folketalsutviklinga negativ, og ein slit for å få ungdommen attende til kommunen.

– For å få ungdommane heim igjen så er det ikkje nok med frisk luft og fin natur. Då må me kunne tilby spanande og attraktive arbeidsplassar til både dei og partnarane dei kjem heim med, i tillegg til gode tilbod innafor barnehage og skule samt fritidstilbod.

Godt samarbeid
– Folketalsutviklinga er utan tvil ei av våre største utfordringar. Eit år jublar me over tre personar i pluss, det neste går me i null. Men sett over tid går folketalet nedover, seier ho og viser til at regionen har sett i gang fleire tiltak for å få fleire ungdommar heim igjen til Gudbrandsdalen.

– Men eg veit ikkje kva ein skal gjere for å løyse problemet, og denne utfordringa løyser vi ikkje over natta, seier ordførar Tove Haugli.

I 2010 heldt folketalet i kommunen seg ifylgje tal frå Statistisk sentralbyrå stabilt på 5800 innbyggjarar.

Større kommunar kunne til dømes gitt oss større musklar til å drive næringsutvikling i kommunane. Eg trur derimot ikkje det er så mange økonomiske grunnar til å slå fleire kommunar saman utover at ein kunne spart noko ved å effektivisere administrasjonen. Men i sektorar som skule og omsorg er det lite å spare. Det er ikkje det det handlar om.

Uansett trur ordføraren det er viktig å sjå kva som lønner seg over tid, og kva ein kan få igjen av ei eventuell kommunesamanslåing.

– Me har allereie eit godt etablert samarbeid med Sør-Fron og Ringebu. Eg meiner det er naturleg å få til ein kommune av desse tre her i Midtdalen, seier Haugli.
I dag samarbeider dei tre kommunane om renovasjon, brannvesen, reinseanlegg og PPT-tenester. Samstundes har Sør-Fron og Nord-Fron eit godt samarbeid om felles kulturskuletilbod. Vi har også gått i hop om bygginga av Fronsbadet og samarbeider om bygging av kunstgrasbane og skianlegg.

– Mange meiner jo at ein heller bør satse på interkommunalt samarbeid i staden for å slå kommunane saman. Du er ikkje samd i det?

– Nei, eg er ikkje det. Kor mange fleire interkommunale selskap bør ein ha før ein viskar ut kommunegrensene? undrar ordføraren.

Trur på tvang
Dette er ikkje første gongen kommunesamanslåing blir diskutert i Nord-Fron. I førre kommunestyreperiode gjekk diskusjonen på om kommunen burde søkje samanslåing med Sel kommune. Då fekk politikarane tilbakemeldingar frå innbyggjarane i kommunen om at dei truleg søkte samarbeid feil veg.

– Dei som sa noko den gongen, meinte det var meir naturleg å konsentrere seg om Midtdalen, seier Haugli.

– Er dei andre kommunane samde i at ein bør få til ei samanslåing?

– Tja, det er no avhengig av kven du spør. Men eg meiner me har eit godt grunnlag i det breie samarbeidet me har.

– Kor mange kommunar bør me eigentleg ha?

– Det går det ikkje an å setje eit tal på, men eg er uansett sikker på at ein bør redusere talet på kommunar betrakteleg. Også på tvers av fylkesgrenser, dei grensene er også kunstige i mange tilfelle. Og eg har sagt det før: Eg er ikkje så sikker på om det blir noka endring i kommunestrukturen før det kjem sterke føringar på det frå statlege styresmakter. Eg trur ikkje det blir mange kommunesamanslåingar dersom det skal vere frivillig, slår ho fast.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...