Heim Nyhende 149 postkontor forsvinn

149 postkontor forsvinn

Når Posten no legg ned 149 postkontor, blir det i dei fleste fylka berre eitt postkontor att.

Dei 149 postkontora skal i staden bli Post i Butikk, og etter denne omlegginga vil Posten bestå av 30 postkontor og 1 400 Post i Butikk. Omlegginga byrjar i år og vil vere sluttført i 2014.

Det er færre som sender fysiske brev, medan pakkevoluma veks som følgje av auka netthandel. Folk flest har tatt i bruk nettbank, og bruken av manuelle banktenester på postkontora har gått ned meir enn 90 prosent dei siste 20 åra. Det er først og fremst bedriftskundane som har behov dei treng å få utført på eit postkontor. Denne utviklinga har ført til at færre besøker postkontora, seier Posten i ei pressemelding. Dei siste 10 åra har over 700 postkontor blitt lagt om til Post i Butikk.

– Endra kundebehov gjer at Posten må tilpasse seg. Post i Butikk gir eit tenestetilbod som er godt tilpassa kundane sine behov for lange opningstider, seier konsernsjef Dag Mejdell i Posten Norge.

Omlegginga vil påverke om lag 1000 tilsette ved postkontora.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...