Heim Nyhende Mange støttar e-val

Mange støttar e-val

– Blant innbyggjarane i forsøkskommunene støttar mange elektronisk val, og dei fleste meiner at det i framtida bør vere mogleg å røyste via internett. Det gjeld òg dei som røysta på tradisjonell måte, seier Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforskning, til Framtida.

Ved lokalvalet i 2001 kunne innbyggjarane i 10 kommunar røyste på nettet. Sjølv om mange har reist spørsmål om dette vil gjere valet mindre hemmeleg er dei fleste positive til prøveordninga.

Saglie påpeikar til Framtida at støtta synk noko når prinsippet om hemmeleg val blir lagt inn som eit motargument, men òg då er dei fleste for internettval. Samstundes meiner mange at staten, og ikkje den einskilde veljaren, skal sikre at valet er hemmeleg.

– Dette er eit paradoks. Når stemmegjeving kan føregå heime i stova, blir noko av ansvaret for å oppretthalde hemmeleg val overført frå staten til den einskilde. Ei norm om at ein skal vere åleine i rommet når ein stemmer via internett ser likevel ikkje ut til å ha fått noko sterkt feste i folkesetnaden, korkje i haldningar eller handling, seier Saglie.

Ordninga med e-val gav ikkje den auka valdeltakinga ein hadde håpa på, spesielt var dette eit mål blant dei yngste veljarane.

– Forventingar om at mange unge skulle røyste via internett slo ikkje til. Unge veljarar har høg tillit til internettval, men er samstundes oppteke av tradisjonar rundt stemmegjeving. For mange unge er det å røyste på papir i vallokalet ein høgtideleg og viktig symbolsk handling. Dei framstår som tradisjonalistar med teknologitillit, seier Guro Ødegård.

Les evalueringa av e-valet her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...