275 kommunar får til saman 28 millionar kroner i tilskot frå Den kulturelle spaserstokken i år.
Pengane kjem frå Kulturdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og skal stimulera til samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren i kommunane. Målet er at eldre skal få eit tilpassa kulturtilbod.
Pengane blir delte ut etter søknad. For ein del kommunar som får støtte er det ein føresetnad at dei samarbeider med andre kommunar. (NPK)