Heim Nyhende 31 utstillingar på 15 år

31 utstillingar på 15 år

Det har gått 15 år sidan Ivar Aasen-tunet opna dørene i Hovdebygda. Kvart einaste år har det kome nye temautstillingar. No blir utdrag frå nesten alle utstillingane viste i basisutstillinga. 

 

Den samansette utstillinga har fått tittelen Den leiken, den ville han sjå, og vil i første omgang stå framme til 26. november.

– I samband med at Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum 2015, syntest vi det passa bra å lage ei slik jubileumsutstilling, seier dokumentasjonsleiar Anders Aanes.

400 plansjar

Utstillingsformatet har i alle år vore mellomstore plansjar og rullebanner. I tillegg har sjølvsagt unike gjenstandar, bøker og avisutklipp vore utstilte saman med dette. Men Den leiken, den ville han sjå er hovudsakleg eit utval av plansjar og banner, saman med informasjon om utstillingane, og dessutan bøker. Med ein produksjon på nesten 400 plansjar sidan 2000, har ein måtte ta nokre val.

– Det er interessant å sjå både kor like og ulike utstillingane er. Vi har hatt ein mål om å bruke mest mogleg opne tekstar i utstillingane, så ein vil sjå at det er mykje bruk av sitat i utstillingane, seier Aanes.

Likskapen i utstillingane vil ein også sjå i det grafiske uttrykket, fordi det stort sett har vore same formgivaren heile vegen. Det er Aina Griffin som har stått for dette arbeidet. Dei siste åra har dessutan Jannicke Velsvik frå Volda formgitt eit par utstillingar.

Stor spennvidde

Den nynorske skriftkulturen og litteraturen er naturleg nok ein fellesnemnar i temautstillingane. Elles spenner tematikken nokså vidt. Frå kaffistover til omsetjing, og dessutan reine forfattarutstillingar. Dei sistnemnde temautstillingane har som regel vore knytt til kven som har vore festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Etter kvart har ein lausrive seg meir og meir frå dette grepet.

– Då Arne Moslåtten var festspeldiktar, laga vi ei temautstilling om songlyrikk. Og då Rønnaug Kleiva var på heimlege trakter, var det novellekunsten det handla om, fordi Kleiva er kjend for den knappe stilen, seier Aanes. – Vi arbeider mot å fristille oss endå meir i høve aktuelle jubileum, men nokre gonger er det vanskeleg å kome utanom, slik som ved grunnlovsjubileet i 2014. Då laga vi ei utstilling om samanhengen mellom språk, makt og demokrati.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...