Heim Nyhende 40 år med jazz

40 år med jazz

Det skjer noko med folk når dei kjem til Vossevangen for å la seg rive med av jazzen, meiner arrangørane av Vossa Jazz.

For det er ikkje berre musikken, men også rammene rundt som betyr mykje for dei 5000 som kjem reisande til Voss i palmehelga kvart år. Vossevangen er kommunesenteret i Voss, og den relativt vesle plassen opplever nesten ei fordobling av folketalet medan Vossa Jazz står på. Det merkast på ein liten plass, og dagleg leiar Trude Storheim i Vossa Jazz trur ikkje det er mange av innbyggjarane i kommunen som ikkje er involverte på eit eller anna vis.

– Festivalen set spor etter seg i heile bygda.

Nye uttrykk

Den lokale identiteten er viktig, også for eit arrangement med internasjonale dimensjonar, som ein jo må seie at Vossa Jazzen er, påpeiker Storheim.

– Den lokale identiteten kjem først og fremst til syne i den musikalske profilen vår. Folkemusikken har sterke røter på Voss. Dette har vi sjølvsagt teke med oss og har dratt folkemusikken med inn i jazzen, noko som heile vegen skapar nye musikalske uttrykk.

No i jubileumsåret er det mange nye produksjonar og fleire tingingsverk som står i høgsetet. Stian Carstensen er tingingsverkskomponist dette året, og han lovar både spagettiwestern-gitar og truga taktartar i verket, som skal ha urframføring 23. mars.

Store namn

Brad Mehldau og Mark Guiliana, Warsaw Village Band, Gabriel Fliflet, Hot Club de Norvège og Sinikka Langeland Ensemble er nokre av ei andre artistane som kjem til Vossa Jazz i år. I tillegg blir det fleire geriljastunt og musikalske opplevingar som publikum ikkje nødvendigvis veit om på førehand, lovar Storheim. Av meir verbale innslag kan festivalen freiste med Vossakveik med vossingen Linda Eide, coach Gry Sindig, festivalkomponisten Stian Carstensen og Stig Roar Wigestrand som har doktorgrad i improvisasjon.

Opp i lufta

Vossa Jazz starta i 1973 og har heile vegen hatt ein internasjonal profil. Etter som åra har gått, har arrangementet vakse og forgreina seg, og i dag kan dei også tilby Badnajazz for barn, Ekstremjazz, Superjazz, Eldrejazz og UNGjaJAZZja.

– Utviklinga mot barn og unge er viktig for oss. I år skal vi mellom anna tilby fallskjermhopparar, hangglidarar, paraglidarar og speedflygarar på Ekstremjazz.
Aktivitetane føregår i lufta, og på bakken vil bandet Jøkleba kommunisere med utøvarane musikalsk.

Badnajazz er eitt av fleire tiltak for barn og unge under festivalen. Her frå arrangementet førre året med Ragnar Hovland, Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim og dagdraumekollektivet deira. (Foto: Ådne Dyrnesli / Vossa Jazz)
Badnajazz er eitt av fleire tiltak for barn og unge under festivalen. Her frå arrangementet førre året med Ragnar Hovland, Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim og dagdraumekollektivet deira. (Foto: Ådne Dyrnesli / Vossa Jazz)

For og med barn

Badnajazzen er ei anna forgreining av festivalen, og som har levd sitt eige liv sidan 2000. Her er ikkje barna berre med som publikum, dei er like gjerne utøvarar. Og Badnajazzen har sitt eige tingingsverk kor profesjonelle vaksne utøvarar samarbeider med barna om å skape musikk.

Er synlege

Festivalen har dessutan delt ut sin eigen pris sidan 1988, ein pris som går til jazzmusikarar frå Vestlandet.

Festivalpublikummet kjem reisande frå fjern og nær, og dei siste åra har festivalen merka ein auke spesielt i lokalt publikum.

Vossa Jazz er ein organisasjon som lever heile året, ikkje berre i festivaltida. Med to tilsette i tilsaman 1,8 årsverk er det mogleg å halde oppe ein viss aktivitet året rundt.

– Vi tilbyr undervisningsopplegg for ungdom og medverkar på andre sin arrangement og viser slik igjen i lokalsamfunnet, fortel dagleg leiar Trude Storheim.

—-

Vossa Jazz:

  • Årleg jazzfestival, starta i 1973
  • Den musikalske profilen femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk
  • Eigne satsingar: Badnajazz, ungdomssatsinga UNGjaJAZZja, Superjazz, Eldrejazz og Ekstremjazz
  • Om lag 5000 gjester siste år

Kjelde: www.vossajazz.no

 

Førre artikkelNynorsk i 140
Neste artikkelHar teke tilbake vinteren

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...