Heim Nyhende Har teke tilbake vinteren

Har teke tilbake vinteren

Etter utbygginga av den nye fjellandsbyen Myrkdalen har Voss fått ein renessanse som vintersportsstad.

Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein

av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Voss

Voss kommune har varmerekorden i Hordaland

Nytt frå Voss:
40 år med jazz (LNK)

Aktuelle lenker:

Voss kommune
Voss bibliotek på Facebook
Avisa Hordaland

Det har blitt satsa stort og brukt mykje pengar på utbygginga av Voss fjellandsby dei seinare åra.

– Satsinga i Myrkdalen har tent begge dei store aktørane, og no er vi tilbake i Noregstoppen som vintersportsstad, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap). Med til saman 200 000 besøkande i året har både Myrkdalen og Bavallen fått ny giv. Dei er begge to heilårsdestinasjonar og nyt godt av dette sommar som vinter, understrekar han.

Samarbeid

Når reiselivssatsinga får eit løft, så gjev det ei lang rekkje av ringverknader.

– Det går på handel, arbeidsplassar, vi har fleire gjestesenger tilgjengelege, og vi er komne på kartet att. Denne satsinga på sportsstadane er blitt pilaren i bygda, og det går også godt i lag med at vi er ein festivalkommune, seier ordføraren.

– Korleis kan kommunen spele vidare på eit reiseliv som går godt?

– Kommunen må nyttiggjera seg av reiselivet på den måten at dei skapar arbeidsplassar og aktivitet i kommunen. Samtidig har reiselivet tatt steg i retning av større samarbeid i vår region. Det vil seie at i staden for å konkurrera i og mellom kommunar, så må ein samarbeide for å kunne konkurrere på den nasjonale og internasjonale marknaden. Det er der potensialet ligg, og i saman er Voss, Hardanger og Sogn eit heilt unikt reiselivsprodukt. Her bør kommunane la seg inspirere og støtte opp om samarbeid på tvers. Det vil alle tene på.

– Elles bruker me reiselivet direkte inn i vårt næringsarbeid, ein så stor bransje må koma til ordet og det gjer med. I samarbeid med næringslivet generelt og reiselivet spesielt så skal kommunen drive samfunnsutvikling.

Treng areal

Voss kommune har hatt ein svak folketalsvekst dei siste åra, og for kommunen er det bustadbygging som blir ein av dei største utfordringane no framover.

Ordførar Hans Erik Ringkjøb i VossOrdførar Hans Erik Ringkjøb ser eit stort potensiale i Voss som reiselivskommune, både isolert og som ein del av ein større samanheng. (Foto: Fotograf Senderud)– For ein kommune med ambisjonar om å vekse og halde fram med å vere ein sentral regional aktør er det krevjande at det er så stor mangel på nye byggjeprosjekt og ledige tomter, meiner Ringkjøb. Ofte er det slik at behovet for bustadbygging følgjer svingingane i folketalet, men slik vil ikkje Ringkjøb at det skal vere.

– I første rekkje må det etablerast ei forståing for at det er eit problem.

Løysinga framover blir å etablere nye og større felt for bustadbygging, tenkjer han. Det betyr større press på arealbruken.

– Det er alltid diskusjonar kring slike saker, og det har vi også hatt, men det er brei politisk semje om at dette er det som må til.

Samferdsle er alltid ei aktuell sak på den politiske dagsorden i kommunane, og ordføraren vedgår at både veg og bane har sett sine betre dagar og treng ei opprusting. Samstundes ønskjer han å ikkje å lage det til ei større utfordring enn det det er.

Treng alliansar

– Vi må hugse på at vi har gode kommunikasjonstilhøve i hovudruta aust-vest, og vi har tog. Det er ikkje alle som har det. Med Bergen berre ein time unna har folk her unike høve til å pendle til byen med toget.

Voss kommune er ein landbrukskommune, den største landbrukskommunen i Hordaland, med dyrehald som hovudnæring. Her er sau og mykje mjølk, og ein har greidd å oppretthalde volumet på mjølk sjølv om talet på bruk har gått ned, forklarar Ringkjøb.

– Det burde vore sterke alliansar mellom to så store næringar som landbruk og reiseliv, meiner ordføraren.

– Dei er avhengige av kvarandre. Har vi ikkje gardsdrift, så får vi attgroing, og det får konsekvensar for kulturlandskapet og for reiselivet.

 

Førre artikkel40 år med jazz
Neste artikkelNynorsk-misnøye i Høgre

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...