Regjeringa har fordelt 40 millionar kroner til kulturtilbod for barn og unge i heile landet.
Det er i hovudsak kommunar og kulturskular som har søkt og fått pengar. Av 350 søkjarar fekk 210 tilskot frå årets pott. Tiltaka som får støtte omfattar både nye prosjekt og vidareføring av prosjekt som starta opp i 2010.
– Søknadane vitnar om stor breidde i det lokale kulturtilbodet. Dei som har fått tildelt midlar omfattar alle uttrykksformer, og det er stor breidde i søknadane, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.