Heim Nyhende 50.000 til litteraturhus

50.000 til litteraturhus

Odda Mållag gir 50.000 til det planlagde litteraturhuset i Odda. Noko Marit Eikemo er glad for.

Odda Mållag har gjeve 50 000 kroner i støtte til det planlagde litteraturhuset i Odda. Initiativtakar Marit Eikemo fortel at dette gjev inspirasjon til arbeidet vidare, skriv nm.no

Eikemo fortel at gåva kom heilt utan at ho hadde søkt om støtte frå laget.

– Det kom i posten til oss, så var veldig overraskande og veldig gledeleg, seier ho til Hardanger Folkeblad.

– At folk i lokalmiljøet og framtidige brukarar – som vi håper mållaget blir – gir anerkjenning til initiativet og inspirerer til vidare arbeid. Det betyr enormt mykje, det lokale engasjementet som dette gir utrykk for, held Eikemo fram.

– Vi er i den situasjonen at vi har god økonomi. Og når to nynorskforfattarar frå Odda startar litteraturhus skulle det berre mangle at vi ikkje støtta det, meiner avttroppande leiar i Odda Mållag, Harry Solberg.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...