Heim Nyhende Sintef slaktar mastedebatten

Sintef slaktar mastedebatten

Regjeringa vingla og lokalpolitikarane var utydelege. Den inkonsekvente oppførselen til politikarane kan føre til ein strøm av nye konfliktar, skriv Sintef i ein ny rapport.

 – Eg trur ikkje regjeringa skjønte sprengkrafta i Hardanger-saka. Dei vart tatt på senga av mediestormen og torte ikkje stå fast ved energipolitikken sin når saka eksploderte, seier forskingsleiar Audun Ruud ved Sintef Energi til Bergens Tidende.

Han trur at nye prosjekt kan føre med seg så mykje konflikt at det kan true utbygginga av strømnettet.

– Viss vi skal gjennom denne typen kamp kvar gong det skal byggjast ei ny kraftlinje, så får vi ikkje det strømnettet vi treng. Det absurde er at nesten alle er einige i at vi treng denne typen nettutvikling, seier Ruud.

Han meiner politikarane må bli meir robuste ved neste korsveg.

– Vi treng styring. Det kan ikkje vere slik at politikarane skal skifte meining berre det blir pirka litt borti ei sak. Når avgjerda først er tatt, må politikarane tore å stå for det, seier forskingsleiaren.

Sintef Energi er knytt til det nye forskingssenteret Cedren (Center for Environmental Design of Renewable Energy), som driv forsking på miljøvennleg energi. Senteret er eit direkte resultat av klimaforliket. Noregs naturvitskaplege universitet (NTNU) og Norsk institutt for naturforsking (Nina) er også med i Cedren.

Ruud har leidd eit forskarteam som har gått gjennom heile behandlinga av Hardanger-saka frå starten i 2005 til den endelege avgjerda vart tatt 1. mars i år.

Både regjeringa, Stortinget, lokalpolitikarar og media får gjennomgå i rapporten, som blir lagt fram om nokre få dagar. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...