Heim Nyhende 54 kommunar i Robek-registeret

54 kommunar i Robek-registeret

Per dags dato må 54 Robek-kommunar få budsjett og økonomiplanar godkjent hjå fylkesmannen.

 

Robek-registeret vart etablert i 2001 og er ei liste over kommunar og fylkeskommunar i økonomisk ubalanse. I tillegg til å godkjenna budsjett og økonomiplanar skal fylkesmannen også godkjenna alle vedtak om lån og langsiktige leigeavtalar for slike kommunar.

No er 54 kommunar registrerte som Robek-kommunar, ifølgje ei pressemelding frå Fylkesmannen.no. Elleve av desse kommunane ligg i Nordland fylke.

Møre og Romsdal har åtte kommunar på Robek-lista, mens Sogn og Fjordane har sju. Dei to Agder-fylka er dei einaste, i tillegg til Oslo, som ikkje har nokon kommunar registrerte i Robek.

Talet på kommunar i registeret har lege relativt stabilt sidan 2007. Toppen vart nådd i desember 2004 då 118 kommunar var Robek-lista. (©NPK)

Sjå kva kommunar som er i registeret!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...