Heim Nyhende 7 millionar kroner til Garborgsenteret

7 millionar kroner til Garborgsenteret

I dag fekk Nasjonalt Garborgsenter den store julepresangen: 7 millionar kroner frå dei raudgrøne politikarane.  

Onsdag denne veka fekk Garborgsenteret støtte frå ein samla Familie – og kulturkomite på Stortinget. I innstillinga har komiteen følgjande merknad om Nasjonalt Garborgsenter:

”Komiteen mener realiseringen av et Nasjonalt Garborg-senter i Time på Jæren er viktig, og ber Regjeringen holde frem arbeidet med å finne en løsning for å få realisert senteret og utstillingen i tråd med vedtatte planer.”

 I dag kom også pengane frå Tippemidlane, via posten:  «tilgjengelege spelemidlar til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur»

– Me er svært glade for at alle partia har stilt seg bak realiseringa av eit nasjonalt Garborgsenter, seier prosjektleiar Einar Schibevaag som i dag kunne ta i mot pengesjekken frå Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), Eirin Sund (Ap), Hallgeir Langeland, (SV) og Geir Pollestad, (Sp).

– Det gir etableringa brei politisk støtte og dermed ein trygg plattform for arbeidet, meiner han.

– Eg var aldri i tvil om at me skulle få dette til, sa Meltveit Kleppe til Stavanger Aftenblad då ho delte ut pengesjekken på Bryne.

Midlane frå regjeringa betyr at arbeidet med å bygge opp innhaldet i senteret no kan halde fram. Meininga er at Nasjonalt Garborgsenter på Bryne skal opne i 2011.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...