Heim Nyhende Østfold Mållag med første Kindle-ebok på norsk

Østfold Mållag med første Kindle-ebok på norsk

Østfold Mållag har lagt ut årboka si «Aust i Vika» for sal til dei i Noreg som alt sit med ein Amazon Kindle levert frå USA. Dette er truleg éi av dei første norske bøkene som kan lesast på ein Kindle. Om ikkje den første.

– Dette er ein revolusjonerande måte å lage, selje og distribuere bøker på for små utgivarar, seier leiar i Østfold Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding. Aasbrenn har 20 års erfaring frå bokutgiving i liten skala, og opplever innføringa av elektroniske bøker som ei demokratisering av bokheimen.

Boka ligg ikkje inne i nettbutikken til Amazon, men må tingast direkte frå Mållaget. Boka blir send rett til lesebrettet via e-post på mobilnettet. Kjøparane må betale 6 kroner til Amazon, og Østfold Mållag har tillit til at dei etter mottaket vil overføre ein 50-lapp til laget sin bankkonto for innhaldet i boka.

– Alle som vil lese årboka til Østfold Mållag, er ærlege menneske, meiner laget, så dette går nok bra.

Aasbrenn har sjølv programmert innhaldet i papirårboka om til eit format som passar på Kindle, og seier at det dreier seg om temmeleg enkel html-kunnskap.

Østfold Mållag var også veldig tidleg ute med å lage nettside til laget midt på 90-talet, så tidleg at lokalavisa i Fredrikstad laga avisoppslag på det. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...