Heim Nyhende Nettbruken tidobla på sju år

Nettbruken tidobla på sju år

I 2000 brukte 7 prosent av oss Internett dagleg. I 2008 var nettbruken auka til 71 prosent, viser tal frå SSB.

Tala har auka monaleg både for kvinner og menn, men framleis er det ein skilnad mellom kjønna. Medan 62 prosent av norske menn brukte Internett og heime-PC dagleg i 2008, var talet kvinner berre 55 prosent. Skilnaden auker enno meir jo eldre ein blir.

Samstundes med at den generelle nettbruken aukar, opplever papiravisene nedgang. Sidan byrjinga av nitti-talet har talet på aviselsarar gått ned frå 84 prosent til 68 prosent, og nedgangen har vore tydlegast frå 1998 og fram til no. Dette har skjedd parallelt med at vi les stadig meir nyhende på nettet.

Også blant innvandrarar er Internett ei populær kjelde til nyhende og informasjon. Ei undersøking gjort av SSB viser at Internett og TV er dei medium som innvandrarar bruker mest. Folk med innvandrarbakgrunn frå Afrika, Asia, Latin-Amerika og Europa utanom EU er dei som brukar radio og papiraviser minst i forhold til andre innvandrarar og befolkninga i Noreg generelt.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...