Heim Nyhende Mindre nedgang av nynorskelevar

Mindre nedgang av nynorskelevar

Sjølv om talet på elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen blir mindre, er nedgangen no lågare enn på fleire år.

I inneverande skuleår er det 13,3 prosent nynorskelevar i skulen, og det er berre 0,1 prosent færre enn skuleåret før.

– Dei nynorskbrukande elevane er blitt færre over lang tid, men no er nedgangen mindre, seier direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.

– Særleg på Austlandet bruker færre elevar nynorsk, seier Grepstad. – Det som slår mest ut, er at storbyane veks og at folketalet i utkantstrøka går ned. No bur ni av ti nynorskelevar i grunnskulen på Vestlandet.

Større endringar på Austlandet

Utdanningsdirektoratet har nettopp publisert førebels skuledata for 2009/10. Materialet viser at dei språklege endringane skil seg mykje frå region til region.

På Austlandet har talet på nynorskelevar i skulen minka med 6 % berre frå førre skuleåret. Tilbakegangen er størst i Telemark. Der er det heile 9 % færre nynorskelevar i skuleåret 2009/2010 enn i fjor. I Oppland og Buskerud det 4 % færre.

På Vestlandet er det 1 %  færre nynorskelevar enn i fjor. Situasjonen er mest stabil i Møre og Romsdal. Der er det berre 0,5 % færre nynorskelevar no enn i fjor, mot ein tilbakegang på 1,4 % i Rogaland.

Små endringar frå 1. til 10.klasse

Det er noko fleire elevar som tek til med nynorsk i 1. klasse enn som sluttar på ungdomsskulen med nynorsk som hovudmål. I skuleåret 2009/10 er 12,5 % av elevane i 10. klasse nynorskbrukarar. Då desse var førsteklassingar hausten 2000, brukte 14,6 % av dei nynorsk.

– Kvar sjuande nynorskelev har gått over til bokmål på vegen frå 1. til 10. klasse, seier Ottar Grepstad. Det forklarer han med språkpress og dårleg språkleg sjølvtillit. Direktøren i Ivar Aasen-tunet legg vekt på at fleire nynorskbrukarar må få bli verande nynorskbrukarar. – Då må nynorskelevane få møte meir populærkultur og lesestoff i si eiga målform, og undervisninga i nynorsk som hovudmål må bli betre, seier Grepstad.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...