Heim Nyhende Skal kartleggje makta i norsk kulturliv

Skal kartleggje makta i norsk kulturliv

Våren 2010 set Kulturrådet i gang eit forskingsprosjekt for å kartleggje kven det er som har makta i norsk kulturliv. Det er første gongen ei slik maktutgreiing blir gjennomført.

Forskingsprosjektet er enno i planleggingsfasen, men skal ta for seg blant anna maktstrukturane i kunstlivet og forholdet mellom kunst og politikk, opplyser Kulturrådet i ei pressemelding.

Maktutgreiingane som vart gjennomført i 1972–1981 og 1998–2003 gav dessutan svært avgrensa kunnskap om makt i kulturlivet.

Kulturrådet vil bruke våren 2010 til å førebu prosjektet og lyse ut forskingspengane til eksterne forskarar.

Kulturrådet har løyvd 2,7 millionar kroner til prosjektet, som er planlagt å gå over tre år. (©NPK)


 

Problemstillingar
Rådet har peikt ut desse sentrale problemstillingane til forskingsprosjektet:
* Prinsippet om ein armlengds avstand er eit viktig utgangspunkt i forståinga av forholdet mellom politikk, forvalting og kunst- og kulturliv. Korleis blir dette prinsippet forvalta i dag? Korleis påverkar forvaltingsideal og – endringar i tråd med New Public Management-paradigmet forståinga og praktiseringa av armlengdsprinsippet?
* Kva kjenneteiknar dei interne maktstrukturane og maktutøvinga i kunst- og kulturlivet? Og kva har skjedd med maktstrukturane i kunstlivet i samband med gjennomføringa av Kulturløftet og dei nye økonomiske rammevilkåra som det representerer?
* Korleis forstår vi relasjonane mellom kunstutøving og makt i samtida, og korleis forvaltar vi dette?
* Kva er forholdet mellom tale og tal, retorikk og løyvingar i kulturpolitikken?
* Kva slag saksområde har størst gjennomslag i kulturpolitikken, og kven er aktørane som står bak dei? (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...