Heim Nyhende 700.000 til Diktarvegen

700.000 til Diktarvegen

Kommunal – og regionaldepartementet støttar Diktarvegen med 700.000 kroner. Det betyr at litteraturprosjektet kan setjast i gang.

– Dette viser at me har ei politisk leiing i Kommunal – og regionaldepartementet som vågar å tenkje nytt når det gjeld både kultur og næringsutvikling, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

Fem forfattarstiftingar ønskjer å utvikle ein diktarveg langs Rv. 13. Små drypp av kultur og litteratur langs indre kyststamveg skal pirre nysgjerrigheita til dei reisande.Ruta til diktarvegen vil gå frå Sandnes via Suldal i Rogaland, vidare til Hardanger, Voss og endar opp i Sunnfjord. Forfattarne det gjeld er: Arne Garborg i Sandnes, Rasmus Løland i Suldal, Olav H. Hauge i Hardanger, Per Sivle på Voss og til slutt  Jakob Sande i Dale i Sunnfjord. Andre samarbeidspartar er I/S Fjordvegen og LNK. Det er også meininga at litteraturprosjektet skal spele ei viktig rolle i kommunane sine strategiar for omdømmebygging og næringsutvikling, samt at ein håpar å skaffe fleire reisande langs Nasjonale Turistvegar.

– I praksis betyr støtta frå departementet at prosjektet kan setjast i gang. No har me startkapital og kan starte opp arbeidet, seier Høviskeland og legg vekt på at ein no vil samle styringsgruppa for prosjektet for å kartlegge korleis ein legg opp det vidare arbeidet.

 

Det er beramma ein ny konferanse for Diktarvegen i april 2010.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...